Spennende jobbmulighet i Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus - Helse Bergen!

Klinikkdirektør BUK
Søknadsfrist: 02.01.2023

Vil du bli med å skape ny historie - som vår direktør for Barne- og ungdomsklinikken?
Barne- og ungdomsklinikken blir sambuar og flytter inn i Glasblokkene saman med Kvinneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge.
Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Barn og ungdom skal få utgreiing, behandling, opphald, skule og aktivitetstilbod på same stad. Her samlar vi all behandling av dei under 18 år, innan psykiatri, somatikk samt føde- og barsel.
Er du vår nye leiar som med din involverande leiarstil bidreg til forbetring og utvikling?
Du vil leie engasjerte og dyktige fagfolk med eit genuint ønskje om å vidareutvikle klinikken for framtida. Pasientane på Barne og ungdomsklinikken skal oppleve tryggheit i møte med tverrfaglege team, uavhengig av fagfelt og klinikk. Omgjevnadene i det nye sjukehuset, og vårt fokus på samhandling med brukarane, organisasjonar, kommunane og Energisenteret, skal bidra til at barn og unge både opplever meistring og tilhørigheit i sin tilfriskingsprosess.
«Eksperten skal kome til barnet»
I dette ligg eit tilbod om heilskaplege og samanhangande teneste der vi i sjukehuset møter både pasientar og pårørande med openheit, tydeleg kommunikasjon og rett kompetanse. Barne- og ungdomsklinikken er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både nasjonale og regionale oppgåver og dekkjer alle områda innan barnesjukdomar. Barne- og ungdomsklinikken har om lag 330 årsverk med eit kostnadsbudsjett på om lag 425 millionar kroner. Her kan du lese meir om både Glasblokkene og Barne- og ungdomsklinikken.
Du leier det systematiske forbetringsarbeid i klinikken gjennom å involvere og ansvarleggjere. Du har god fagleg innsikt og som leiar er du nysgjerrig og opptatt av å finne den rette balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling.
Du vektlegg kommunikasjon og bygging av relasjon for å skape ein trygg og god arbeidsplass for dine medarbeidarar.
Som direktør for Barne- og ungdomsklinikken er du ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Der vil du, saman med resten av føretaksleiinga, bidra til å løyse vårt felles samfunnsoppdrag. Som klinikkdirektør involverer du dine medarbeidarar og samarbeidspartnarar i å omsette dette til mål og retning for Barne- og ungdomsklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
- Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering
- Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for vår felles helseteneste
- Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
- Samhandle med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskular
- Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre eigen arbeidskvardag
- Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
- Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg, medisinsk eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
- Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning/-kurs
- God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
- Gjerne erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Har vært involvert i arbeid med mål- og strategiarbeid Kjennskap og kunnskap om tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular
Personlege eigenskapar
- Inspirerande, involverande og handlekraft
- Overordna styrings- og gjennomføringsevne
- Resultat-, økonomi- og organisasjonsforståing
- Strukturert og planmessig i arbeidet
- Robust med evne til å være tydeleg og synleg
- Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
- Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Webcruiter-ID: 4593867302
Kontaktinformasjon:
- Tove Huse Bjerkevoll (Rådgivar innan leiarrekruttering), 48073834, [email protected]