LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Bibliotekar (vikariat) - Universitetsbiblioteket (UB)
Søknadsfrist: 07.08.2022

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig 100 % stilling (vikariat) som bibliotekar (stillingskode 1410 bibliotekar) i 6 mnd fra 15. august 2022. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for humaniora.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i førstelinetenesta fysisk og digitalt, inkludert fjernlån, og dessutan bidra i chattetenesta
- Delta i brukaropplæring og brukarrettleiing
- Delta i oppgåver knytt til dokumentlevering, kunnskapsorganisering/bibliografisk registrering/katalogisering
- Vera med å vidareutvikla dei fysiske læringsareala og formidlingsaktivitetane i biblioteket
- Bidra til effektivisering, forbetring og fornying av arbeidsprosessar
- Bidra til utvikling av tenester som gjev ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB si kjerneverksemd
Den som vert tilsett kan verta pålagd å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap på minst bachelornivå, eller tilsvarande, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensera for utdanningskravet.
- God digital kompetanse er naudsynt
- Relevant arbeidserfaring frå biblioteksektorane er ein føremon
- Kjennskap til biblioteksystemet ALMA/Oria er ein føremon
- Erfaring med rettleiing og formidling er ein føremon
- Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar vi etterspør:
- Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg, med gode samarbeids- og formidlingsevner
- Du er handlekraftig, løysningsorientert og har høg arbeidskapasitet
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du er endringsvillig, nytenkjande og serviceorientert
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
- Løn som bibliotekar (kode 1410) etter lønssteg 45 - 58 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 435 600 – 534 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:
- Hovudbibliotekar Astrid J. Sømhovd, telefon 55 582544 , e-post [email protected] eller
- Seksjonsleiar for bibliotektenester Trude Færevaag, 478 04 626 (mobil), e-post [email protected]
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.