LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER
Spesialbibliotekar digitale pensumlister
Søknadsfrist: 22.01.2021

Om stillinga
Universitetet i Stavanger søker etter spesialbibliotekar til Universitetsbiblioteket, Avdeling for ressursar. Den som vert tilsett skal ha hovudansvar for drifta av det digitale systemet for pensumlister, Leganto.
Spesialbibliotekar vil inngå i eit team med andre ressurspersonar i eit inkluderande, hektisk og spennande arbeidsmiljø. Målet vårt er hjelpa meir enn 12.000 studentar til ein betre studiekompetanse og ein betre studiekvardag.
Hovudoppgåver
- oppdatere og utvikle det digitale systemet for kontroll av pensumlister
- kurs, rettleiing og brukarstøtte for tilsette og studentar
- koordinere samarbeid på tvers av avdelingar og med eksterne partar
- vidareutvikle arbeidsrutinar
- publikumsarbeid og rettleiing frå skranken til biblioteket
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- minimum bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande relevant utdanning
- god systemforståing og IT-kompetanse, erfaring frå Alma og/eller Leganto
- relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:
- har erfaring med å katalogisera og handtere referansar
- er god til å skape relasjonar og nettverk
- er serviceinnstilt, initiativrik, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
- er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsnyttig organisasjon
- et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.205 kode 1515, kr 490 000 - 550 000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn vurderast.
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Avdelingsleiar Rune Sørsdal, tlf: 40850328 e-post: [email protected]
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til Kaja Lillelien, tlf: 51831310, e-post: [email protected]
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.
Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i JobbNorge innan utløpet av søknadsfristen.
Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.