Fast stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar
Søknadsfrist: 17.01.2021
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.
Høgskulen på Vestlandet, har ledig ei fast stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar ved campus Bergen
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei 100% stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar. Stillinga er knytt til biblioteket si eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga.
Arbeidsstad er campus Bergen, stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campus. Stillinga medfører utstrekt samarbeid både med fagmiljø i HVL og innad i høgskulebiblioteket.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving – både fysisk og digitalt
kontaktbibliotekar for utdanningar tilknytt Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, og mot Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, ved campus Bergen
brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto
opplæring i bruk av referansehandteringsverktøy, og støttefunksjonar knytt til dette
ansvar for samlingsutvikling innan aktuelle fagområde
skranketeneste og chat-teneste
arbeid med utstillingar og anna formidlingsarbeid
andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning, fortrinnsvis på masternivå
erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg
kjennskap til kunnskapsbasert praksis som arbeidsmetode er ønskjeleg
god digital kompetanse
relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt
For tilsetting som universitetsbibliotekar krevst utdanning på minimum masternivå
Personlege eigenskapar:
Vi søker etter ein faglg engasjert medarbeider som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeida sjølvstendig og i team, og føreset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515/1199 - spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.