Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Systemutviklarar innan digital humaniora og språksamlingar - 3 stillingar

Søknadsfrist: 07.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling, og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillingane:

Ver med å forme framtidas tenester for digital humaniora ved UiB!

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig tre faste 100 % stillingar som systemutviklarar (avdelingsingeniør 1085). Stillingane er knytt til Universitetet i Bergen si satsing på humanistisk infrastruktur og vidareutvikling av tenester innan digital humaniora. Ei av dei tre stillingane vil ha arbeidsoppgåver knytt spesielt til utviklinga av applikasjonar og tenester for Språksamlingane. Den humanistiske forskingsinfrastrukturen er viktig for forsking, formidling og undervisning innan humaniora, og delar av den nyttas også av offentleg forvaltning, skuleverket og allmennheita. Spesialsamlingsportalen Marcus, Wittgensteinarkivet ved Universitetet i Bergen, Ludvig Holbergs Skrifter, Stadnamn og Medieval Nordic Text Archive er eksempel på tekst- og bildeapplikasjonar du vil være med å drifte og utvikle.

Vi er opptatt av:

  • Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
  • Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift
  • Open kjeldekode

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i etablering, utvikling og drift av system og tenester for humanistisk infrastruktur ved Universitetet i Bergen
  • Vere ein del av eit team som planlegg og gjennomfører større endringar innan tenester for humanistisk infrastruktur
  • Utvikling av moderne JavaScript-applikasjonar
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av arkitektur, metodikk, arbeidsprosessar og kode
  • Vere med å utvikle innhaldet i ein digital humaniora-lab som ein samlande arena for UBs personale, forskarar, studentar og andre aktørar for felles aktivitetar og tenester
  • Delta i øvrig utvikling- og drift

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå innan IT-fag
  • Kjennskap til eit eller fleire programmeringsspråk, for eksempel JavaScript eller Python
  • Kjennskap til arbeid med elektronisk tekst og/eller språkvitskapleg programmering for stillinga tilknytt Språksamlingane.
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Nyutdanna oppfordrast til å søke

Det er ein fordel dersom du i tillegg har erfaring med, eller har interesse for, eit eller fleire av følgande teknologiar: Versjonskontrollsystem (Git), JavaScript-rammeverk, API-design, JSON, GraphQL, GIS og geodata, IIIF, Linked Open Data, RDF, XML, TEI, SQL, OpenRefine, Jupyter notebook og testing (CI/CD).

Personlege eigenskapar:

  • Du kan arbeide sjølvstendig og er kreativ
  • Du er kvalitetsbevisst og med evne til å sjå heilheit
  • Du liker å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Du har interesse for open kjeldekode og smidig systemutvikling
  • Du er opptatt av brukarperspektivet i utvikling av tenester
  • Du samarbeider godt i team

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Faglege utfordringar med store utviklingsmoglegheiter
  • Moglegheit til å vere med å forme og bygge opp noko heilt nytt
  • Å arbeide i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønssteg 45 – 56 (kode 1085/LR22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 414 600 - kr. 496 100. Søkjarar som har mastergrad og relevant praksis kan vurderast som overingeniør (kode 1087). Løn etter lønssteg 57 – 67. Dette utgjer for tida kr. 504 700 - kr. 605 500. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 482 99 7 21, epost karin.rydving@uib.no eller
  • Faglig leder språksamlingene Peder Gammeltoft, tlf. 55 58 21 95 eller mob. 453 73 097, epost peder.gammeltoft@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS