LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konservator - Avdeling for kulturhistorie

Søknadsfrist: 24.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konservator

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, er det frå 1. september 2021 (eller etter avtale) til og med 31. desember 2023 ledig inntil to stillingar for konservatorar innan kulturhistorisk materiale. Stillingane kan verte forlenga.

Universitetsmuseet i Bergen har store samlingar av kulturhistoriske gjenstandar i utstillingar og i ulike magasin. I forbindelse med oppgradering av allereie eksisterande magasin er det sett i gang eit prosjekt knytt til flytting av museets kulturhistoriske samlingar. Stillingane er knytte til Universitetsprosjektet Sikre Samlingar og er lagt til Seksjon for samlingsforvaltning og konservering ved Avdeling for kulturhistorie.

Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål og har 20 tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, samlingsforvaltning og konservering.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil omfatte registrering i databasar, lettare reingjering, tilstandsvurdering, fotografering, merking, sikring, pakking, sanering (frysing), plassering, organisering samt innplassering i nye magasin. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Til tider vil det vere eit fysisk krevjande arbeid og tidvis monotont, og i periodar vil det bli hektiske dagar når ein arbeidar opp mot fristar.

Museet treng medarbeidarar med høg arbeidskapasitet og forståing av logistikk, og som kan arbeide som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjent konserveringsutdanning på minimum Bachelornivå.
  • Solid gjenstandskunnskap og materialkunnskap
  • Erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar og samlingar
  • God generell IT-kompetanse
  • Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) samt engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Kunne arbeide som del av eit team, men og sjølvstendig
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk arbeide

Førarkort for personbil (klasse B) er ein føremon. Erfaring frå tilsvarande prosjekt samt med universiteta sitt felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar er óg ein føremon.

Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet.Det er vesentleg at dei som vert tilsette er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085, LR 22) i lønssteg 47 – 53 (for tida kr 439 900 – 483 700 brutto) i det statlege lønnsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla C. Nordby, leiar av Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, E-post: camilla.nordby@uib.no, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller
  • Teamleder for Flytt 2024 Stine Dornfest, E-post: stine.dornfest@uib.no, Mob: (+47) 45 48 08 17, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad:Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sidaSøknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS