Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 3-årig mellombels stilling (100%) som avdelingsingeniør (dataingeniør). Stillinga er knytt til UiB-delen av NORMENT Senter for framifrå forsking, finansiert eksternt av Forskingsrådet fram til juli 2023. Grunnlaget for stillinga opphøyrer når prosjektfinansieringa tek slutt.
NORMENT har Universitetet i Oslo (UiO) som vertsinstitusjon. Senteret studerer kliniske og biologiske tilhøve ved dei alvorlege psykiatriske sjukdommane schizofreni og bipolar liding, og involverer eit nært samarbeid mellom forskingsgrupper i psykiatri, kognisjon, molekylærgenetikk og hjerneavbilding. Vi har ein felles prosjektdatabase innanfor TSD (Tenester for Sensitive Data)-systemet, og vi søker etter ein medarbeidar som kan utvikle og utføre behandling, kvalitetssikring og teknisk drift av data og databaser i forskingssenteret. Den som blir tilsett vil i stor grad jobbe saman med NORMENT sitt databaseteam som blir leia frå Oslo, og vedkommande må difor regne med noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver:
Utvikling, behandling, kvalitetssikring, drift og vedlikehold av sensitive pasientdata og databaser i TSD og Helse Bergen
Utvikling og bygging av elektroniske spørreskjema og andre digitale verktøy for innsamling av data
Serviceoppdrag for personell i senteret som treng bistand til innsamling, uttak, overføring og analyse av data
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant bachelorgrad innan datateknologi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), informatikk eller tilsvarande utdanning. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Det er ein stor føremon med relevant praksis med databaser, systemadministrasjon, programmering, web-programmering og versjonskontroll. Vi nytter for tida Linux, SQL, Python og HTML, og analyserer i R, SPSS, MatLab og diverse verktøy vi har utvikla sjølv.
Vi søkjer ein person som
er systematisk, strukturert og nøyaktig
er positiv, initiativrik, utholdande og flink til å fullføre oppgåver
har høg digital kompetanse og stor evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
liker å jobbe både sjølvstendig og i team
har gode evner til kommunikasjon
er dyktig i både munnleg og skriftleg engelsk
Det er også en føremon at personen er dyktig i munnleg og skriftleg norsk
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52 (for tida kr 428 200 – 464 000), med mastergrad lønssteg 51-53. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.