Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør (2 stillingar)
Ved Det medisinske fakultet, Influensasenteret ved Klinisk institutt 2, er det ledig to (2) mellombels stillingar (100 %) som avdelingsingeniør frå 01.06.2021 til 31.05.2022. Stillingane er knytt til EU Vaccelerate og hovudprosjektet: COVID-19 i Bergen, finansiert av Trond Mohn stiftelse.
Influensasenteret har som overordna mål å styrke norsk vaksineforsking, særskilt i samband med pandemiberedskap. Influensasenteret er deltakar i fleire eksternt finansierte prosjekter (NFR, EU prosjekt) som tek sikte på å auke den medisinske forståinga av immunsvar etter vaksinasjon og infeksjon. Forskinga ved Influensasenteret fokuserer på humankliniske studiar av COVID-19 med mål om å auke forståinga av immunresponsen etter infeksjon og vaksinasjon.
Arbeidsoppgåver:
stillingane som avdelingsingeniør vil involvere hovudansvar for drift av prosjekt, derunderansvar for organisering, oppdatering og vedlikehald av biobankar og bruk av metodar formåling av immunrespons
prosjektet kan innebere pasientkontakt
søkjarane vil vere involvert i opplæring av studentar og tilsette i metodar og bidra til analyseav store datamengder frå prosjekt
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad innan dei relevante områda virologi, immunologi eller cellebiologi
erfaring frå laboratoriedrift og arbeid innan biobankar og store datasett vil verte lagt avgjerande vekt på
erfaring innan immunologi, virologi og frå proteinarbeid vil vere ein føremon
søkjar må kunne godt norsk, munnleg og skriftleg
gode engelskkunnskapar er ein føremon ettersom Influensasenteret har eit internasjonalt arbeidsmiljø
Vi søkjer ein person som:
kan arbeide både sjølvstendig og som del av ei gruppe
har gode kommunikasjonseigenskapar
er strukturert og som har evne til å halde oversikt og vere ansvarsmedviten og initiativrik
er serviceinnstilt og har god arbeidskapasitet
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med mastergrad lønssteg 51-53 for tida kr 458 900 – 474 500). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Rebecca Cox, leiar av Influensasenteret, e-post: Rebecca.Cox@uib.no, tel: +47 55 97 46 68 / +47 452 42 974
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.