LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - Institutt for klinisk odontologi (IKO)

Søknadsfrist: 11.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (IKO), er det ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsingeniør.

Institutt for klinisk odontologi har ansvar for utdanning av tannpleiarar, tannlegar og tannlegespesialistar ved Universitetet i Bergen. Instituttet har ein klinikk der studentane får praktisk trening i møte med pasientar. Odontologisk Universitetsklinikk ved IKO er den nest største tannklinikken i Noreg, og den inneheld store mengder av avansert dentalutstyr, som krev regelmessig service og tilsyn. Instituttet har også eit forskingsmiljø og eit moderne forskingslaboratorium med avansert utstyr. Avdelingsingeniøren vil jobbe opp mot begge miljøa, men med hovudvekta på klinikk.

Avdelingsingeniøren blir underlagt driftsleiar, som vil ha det faglege ansvaret.

Det kan førekome arbeid når klinikken er stengt, og dette kan gje noko arbeid utanfor normalarbeidstida.

Arbeidsoppgåver:

  • Service, vedlikehald og support på elektromedisinsk utstyr, inkludert dentalutstyr, dentalrøntgen, dentalt laboratorieutstyr og utstyr i operasjonsstuer
  • Service og vedlikehald på autoklavar, desinfektorar, glasvaskemaskinar og tørkeskåp
  • Reingjering og vedlikehald av utstyr
  • Service og vedlikehald av Klasse 2 / RO-anlegg
  • Generelt vedlikehald av teknisk utstyr, inkludert laboratorieutstyr
  • Brukarstøtte til laboratorietilsette og helsepersonell
  • Kommunikasjon med leverandørar og underleverandørar
  • Det kan vere aktuelt å delta i bakvaktsordningar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må:

  • ha fagutdanning som dataelektronikkar med elektronikk, mastergrad elektronikk (teknisk høgskule eller universitet), bachelorgrad elektronikk(ingeniørhøgskule), eksamen frå toårig teknisk fagskole innan elektronikk eller utdanning som gjev tilsvarande kompetanse.
  • ha relevant praksis for å sjølvstendig kunne utføre reparasjonar på elektromedisinsk utstyr og laboratorieutstyr
  • ha god framstillingsevne på norsk og engelsk
  • beherske IKT som verktøy til databasar og kommunikasjon
  • ha god generell IKT-kompetanse
  • ha kjennskap til relevante lovar og forskrifter for arbeid med elektrisk og elektromedisinsk utstyr

Det er ønskeleg at du har:

  • samtykke frå DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr klasse IIa, IIb og III. Naudsynt utdanning og erfaring som må til for å få samtykke, vil kunne kompensere for kravet om å ha samtykke. Dersom den som vert tilsett ikkje har samtykke, vil ein bli pålagt å søke om dette seinast 1år etter tilsetting.
  • erfaring frå arbeid med feilsøking og reparasjon av ulike typar medisinsk utstyr og laboratorieutstyr
  • erfaring med bruk av elektriske måleinstrument, boremaskin og dreiebenk
  • erfaring med bruk av skjema og servicemanualar for ulike typar utstyr

Vi søkjer deg som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • kan arbeide sjølvstendig, men også kunne arbeide i team
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har stor arbeidskapasitet og sjølvstende
  • er innstilt på noko fleksibel arbeidstid

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) blir løna etter lønssteg 52 - 56 (for tida kr 475 800 – 507 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Driftsleiar William Lindberg, e-post: william.lindberg@uib.no, telefon 55 58 65 02 eller mobil: 92 88 75 80) eller
  • Administrasjonssjef Signe Solberg, e-post: signe.solberg@uib.no, telefon 55 58 66 88 eller mobil 91 56 09 33)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS