Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør (mellombels)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei stilling (100 %) som avdelingsingeniør i 12 månadar.Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan cellebiologi og molekylærbiologi som kan nyttast i translasjonell biomedisinsk forsking.Stillinga er knytt til ERC prosjektet ‘Discovery of post-translational N-terminal acetylation’. Her vil det vere fokus på undersøking av nye gen og deira funksjon.
Arbeidsoppgåver:
Cellekulturarbeid, inkludert utvikling av nye celleliner
Celleanalysar og mikroskopering
Protein analysar
Førefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene
I tillegg må den som vert tilsett kunne læra opp studentar i ulike laboratorietekniske metodar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant mastergrad innan biomedisin eller molekylærbiologi
Relevant praksis er eit krav
Søkjar må ha røynsle innan cellelineutvikling av humane celler, inkludert klonal seleksjon, flowbasert cellesortering og FACS
Søkjar må kunne dokumentere røynsle innan cellemorfologianalysar og bruk av holografisk mikroskopi og bileteanalyse
I tillegg må ein ha god IT-kompetanse
Søkjar må ha god erfaring med å arbeide i forskingslaboratorium
Søkjar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak
Søkjar må meistra norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten
Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52 (for tida kr 430 500 – 466 500), med mastergrad lønssteg 51-53. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Gruppeleiar Thomas Arnesen, thomas.arnesen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.