Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør / avdelingsingeniør (mellombels) - Seksjon for onkologi

Søknadsfrist: 13.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør/avdelingsingeniør (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Seksjon for onkologi, er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Norges Forskningsråd (NFR) og er for tida knytt til prosjektet «Prenatal BRCA1 methylation and breast and ovarian cancer risk». Prosjektet har førebels finansiering fram til 31.03.2022.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber fagansvar for prøvebehandling og analysar ved massive parallell sekvensering knytt til kliniske studiar som er gjennomført, og skal gjennomførast ved seksjonen i Mohn Kreftforskningslaboratorium. Dette inneber både DNA bibliotek-preparering og sekvenseringsanalyser ved bruk av Illumina sekvenseringsplattformar. Arbeidet vil omfatte målretta genpanelsekvensering og med hovudvekt på epigentiske analysar.
  • Stillinga inneber ansvar for metodeutvikling og kvalitetskontroll.
  • Stillinga kan innebere ansvar for opplæring av stipendiatar og studentar i laboratoriet.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde, og minimum bachelorgrad for stilling som avdelingsingeniør.
  • Søkjar bør ha erfaring med massiv parallell sekvensering, herunder våt-labserfaring mhp preparering av DNA-bibliotek for sekvensering og erfaring med databehandling i etterkant av sekvensering.
  • Søkjar bør ha erfaring med bruk av illumina sekvenseringsplattformer
  • Søkjar bør ha brei erfaring med arbeid med humant biologisk materiale.
  • Søkjar bør ha god generell molekylærbiologisk kompetanse.
  • Søkjar bør ha erfaring med samarbeid med vitskapeleg tilsette.
  • Søkjar bør ha god evne til sjølvstendig arbeid, og erfaring frå sjølvstendig vitskapeleg arbeid vil verte vektlagt.
  • Søkjar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Søkjar må kunne kommunisere flytande både på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Stillinga passar for søkjarar som kvalifiserer til tilsetting som overingeniør, men dersom ingen søkjarar er kvalifiserte for dette, kan det verte aktuelt å tilsette i stilling som avdelingsingeniør.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). Avdelingsingeniør (kode 1085/22.20) i lønssteg 47-52 (for tida kr 428 200 – 464 000) For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS