Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du være med å utvikle og drifte ein moderne IT-plattform? - Då er det deg vi ser etter.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Linux Systemingeniør
Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig 2 stillingar som Linux systemingeniør, avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i Plattformgruppa.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib
Plattformgruppa inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av tenarar og tenester som går på desse.
Arbeidsoppgåver:
Vidareutvikle eit driftskonsept som er konteinerbasert, automatisert og sjølvbetent
Generell Linux systemadministrasjon, applikasjonsdrift og vedlikehald
Optimalisering og sørge for høy tilgjengelegheit på skalerande miljøer
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
Grunnleggande kompetanse innan scripting (Python, Puppet, GIT, Ansible, Terraform eller liknande)
Forståing av automasjon
Kjennskap til Docker og skyteknologi
Forståing av informasjonstryggleik
Du har god teknisk forståing og likar å lære deg nye teknologiar
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) løn 440 000 - 520 000, overingeniørar (kode 1087) løn kr 500 000 - 650 000 eller senioringeniør (kode 1181) løn 540 000 - 710 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689) eller
Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378)
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Nyutdanna er spesielt oppfordra til å søke.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.