Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Er du nysgjerrig på teknologi, vil du være med å utvikle og drifte ein moderne IT-plattform? Då er det deg vi ser etter – Datasenteringeniør
Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester, er det ledig stilling som datasenteringeniør (avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør) i Datasentergruppa.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar.Datasentergruppa er ein del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av datahall, virtualisering, lagring, backup og datasenternettverk.
Arbeidsoppgåver:
Du vil jobbe i et team og ha arbeidsoppgåver innan:
Drift av backupløysingar
Nettverk i datasenter
Virtualisering
Drift av lagringsløysingar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kompetanse på eit eller fleire av følgande områder:
- Backupløysingar - Nettverk, med fokus på datasenterløysingar - Virtualisering - Lagringsløysingar - Programmering/scripting
Kjennskap til drift av Linux-tenarar
God forståing av automasjon, konfigurasjonsstyring og orkestrering på Linux
Interesse for maskinvare
God forståing av informasjonssikkerheit
Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innan relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein person som er genuint interessert i teknologi, med interesse og stor iver etter å vidareutvikle sin kompetanse
Du evner å forstå brukar- og verksemdsbehov
Du er strukturert, målretta og god på prioriteringar
Du imøtekommande, løysningsorientert, og konstant på utkikk etter mogelegheiter for forbetring
Samarbeider godt med andre, trivs med å dele kunnskap og erfaringar, og støtter andre for å nå gruppa sine mål
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) kr 460 600 - 557 100 , overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) 646 000 - 759 100 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
Gruppeleiar Raymond Kristiansen (raymond.kristiansen@uib.no, mobil 911 73 749)
Er du usikker på om du har alle kvalitetane vi ser etter, vil vi gjerne vere dei som avgjer det – send oss din søknad uansett!
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan bli brukt ved behandling av søknader til stillinga.
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan arbeidsområda på avdelinga.