LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitenskapleg assistent - Institutt for sosialantropologi

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig inntil tre stillingar som vitskapleg assistent i perioden 9.august 2021 til 3. juni 2023.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

Det er behov for undervisningsassistentar i følgjande emne:Hausten 2021: SANT100, SANT150, SANT104 og SANT105Våren 2022: SANT102, SANT103, SANT240 og SANT215

Utover desse kan det vere behov for undervisingsassistanse i valemne i sosialantropologi og/eller vidareutdanning i sosialantropologi.

Undervisningsassistentane fordeler dei respektive emna mellom seg og leder 3-6 arbeidsgrupper. SANT105 har nokre arbeidsgrupper på engelsk.

  • Kommentere obligatoriske oppgåver.
  • Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane.Dei som blir tilsett skal delta på eit mentorkurs i begynnelsen av semesteret.
  • Gjere førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi. Masteroppgåva må være levert innan startdato for jobben.
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig.
  • God administrativ IT-kompetanse.
  • Relevant arbeidserfaring vil være ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret.

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
  • Gode pedagogiske evner er ein fordel

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapeleg assistent (kode 1020) etter lønssteg 51 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida mellom 456 400,- brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 09.05.2021

Søknaden skal merkast: 2021/5290.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettas til seniorkonsulent ved HR-seksjonen; Hanne Cappelen hanne.cappelen@uib.no eller tlf. 55 58 92 36

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS