Kombinert stilling som førsteam. i folkehelse og psykisk helse ved HVL / seniorrådgjevar i Helse Førde
Søknadsfrist: 11.08.2024
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG)
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi rundt 210 tilsette og 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie, ulike masterstudium innan sjukepleie, masterstudium i jordmorfag, i samhandling og folkehelse, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er praksisnær og retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane innan somatikk, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og prehospitale tenester. Føretaket har om lag 3 200 tilsette, eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon og utdanning av helsepersonell er viktige oppgåver i sjukehuset.
Samarbeidet med kommunane i regionen er høgst prioritert. I Sogn og Fjordane helsefellesskap samarbeider Helse Førde og kommunane om utvikling av tenester til barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, og skrøpelege eldre.
Fag- utviklingsavdelinga inngår i Helse Førde sitt stabsområde. Våre oppgåver er å bidra til kvalitet i utviklings- og forbetringsarbeid, innovasjon og forsking, å gje medisinsk-fagleg rådgjeving, og å kvalitetssikre og overvake sentrale aktivitetar og prosessar. Avdelinga jobbar mellom anna med pasienttryggleik og kvalitetsutvikling, forsking og innovasjon og analyseverksemd.
Ved Høgskulen på Vestlandet / Helse Førde er det ledig ei kombinert stilling 100 % som førsteamanuensis i folkehelse og psykisk helse / seniorrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet (HVL) Fakultet for helse- og sosialvitskap og Helse Førde ønskjer å styrke samarbeidet om utdanning, forsking og innovasjon, og lyser ut ei fast kombinert stilling samansett slik:
50% stilling ved HVL som førsteamanuensis innan folkehelse med spesiell kompetanse innan psykisk helse. Stillinga er lagt til Institutt for helse- omsorgsvitskap, fagseksjon for folkehelse og allmennsjukepleie.
50% stilling ved Helse Førde som seniorrådgjevar ved Fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for forsking og innovasjon.
Den som vert tilsett vil vere eit viktig bindeledd mellom HVL og Helse Førde, og skal bidra til framtidsretta og praksisnære utdanningar, forsking og utvikling i tråd med HVL og Helse Førde sine strategiar og samarbeidsavtalar. Arbeidsstad for stillinga er Førde.
Stillinga kan berre søkjast på som ei samla 100% stilling, og det er eit krav at ein skal tilsetjast i og ha begge stillingane samtidig. Stillingsinnehavar skal fylle kvalifikasjonskrava for arbeidsoppgåvene i begge organisasjonane. Om ein seier opp den eine 50% stillinga, går ein også ut av den andre andre 50% stillinga.
Den som går inn i stillinga vert tilsett i begge organisasjonane. HVL har personalansvar for stillinga som førsteamanuensis, næraste leiar er fagseksjonsleiar ved fagseksjon for folkehelse og allmennsjukepleie, HVL. Helse Førde har personalansvar for stillinga som seniorrådgjevar, næraste leiar er seksjonsleiar ved seksjon for forsking og innovasjon, Helse Førde. Helse Førde er hovudarbeidsgjevar.
Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde samarbeider om tilsetjinga.
Ansvars- og arbeidsområde:
Ansvars- og arbeidsoppgåver ved HVL:
I samarbeid med andre vitskapelege tilsette ha ansvar for undervising, rettleiing og forsking ved ph.d.-, master-, vidareutdannings- og bachelorprogram. Stillinga er særleg knytt til undervising, rettleiing og forsking om folkehelse og psykisk helse og studieprogramma «Master i samhandling og folkehelse» og «Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid».
Utvikle fagområdet folkehelse med spesiell vekt på psykisk helse og vere aktiv forskar innan denne tematikken. Ha eit særleg ansvar for fagområdet med forsking og undervising.
Bidra til forsking knytt til fakultetet sin forskingsprofil
Andre arbeidsoppgåver er å planlegge og organisere utdanningstilbod, vidareutvikle utdanningstilbodet, rettleie studentar i praksis, delta i administrativt arbeid, og nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid innan fagområda til stillinga.
Ansvars- og arbeidsoppgåver ved Helse Førde
Forsking, utvikling og analyseverksemd innan helsetenester, m.a. innan psykisk helse og tilgrensa tema, Helseatlas og Samhandlingsbarometeret
Særleg ansvar for utvikling av statistiske analysar og rettleiing på fou-prosjekt og andre aktivitetar der det er behov for høg statistikk-kompetanse
Styrke fou-prosjekt og tverrfaglege arbeidsgrupper med vitskapleg og klinisk kompetanse på individ- og systemnivå.
Utvikle forsking i samarbeid med interne og eksterne partar
Ein del av stillinga ved Helse Førde kan etter avtale vere klinisk arbeid i klinikk for psykisk helsevern
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna: dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål samt dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse.
For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalgt. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan bli gjort gjeldande i handsaming av søknadane.
Vi tilbyr:
HVL:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Helse Førde
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Spennande tverrfagleg forskings- og innovasjonsmiljø