LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i høg-ytings databehandling for eksperimentell tungionefysikk

Søknadsfrist: 19.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1109 i høg-ytings databehandling for eksperimentell tungionefysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som forskar i høg-ytings databehandling for eksperimentell tungionefysikk.

Stillinga er finansiert av eksterne middel. Dei første 6 åra er stillinga finansiert av ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE-eksperimentet, som for tida førebur seg på ei tredje runde med datainnsamling frå ultra-relativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN. Distribuerte datasentre for høg-yting/gjennomstrøyming stiller til rådvelde ressursar for handtering og analyse av data. Stillinga som forskar er kopla til dei nordiske Tier-1 datahandterings- og lagerrressursane for LHC-eksperimenta på CERN og vil verte integrert i gruppa Scientific Computing på IT-avdelinga ved UiB. UiB forsyner ein stor del av dei nordiske ressursane til ALICE-eksperimentet. Grid-mellomvare gjer tilgang til dei verdsomspennande distribuerte ressursane. For datahandtering nyttarTier-1-senteret ved UiB mellomvaren (J)AliEn utvikla av ALICE. Mellomvaren dCache gir tilgang til dei distribuerte lagerressursane i Norden.
  • Arbeidsoppgåvene omfattar drift, vedlikehald og innkjøp av ressursane til Tier-1-installasjonen ved IT-avdelinga (50%) og vidareutvikling av programvare i samarbeid med ei gruppe frå HVL og ALICE O2-gruppa på CERN, samt deltaking i programvare- og dataanalyseprosjekter innan kjernefysikkgruppa ved Institutt for fysikk og teknologi (50%).

Arbeidsoppgåver:

  • Drift, vedlikehald og innkjøp av Tier-1 maskinvareressursar
  • Drift, vedlikehald og kontroll av mellomvare
  • Forbetre og optimalisere ytinga til ressursane
  • Samarbeid med norske og skandinaviske kollager i det nordiske Tier-1-senteret
  • Samarbeid med O2 -gruppa i ALICE på CERN (inkludert reiser til Sveits)
  • Bidra til intern og ekstern dokumentasjon
  • Bidra til forskingsprosjekt innafor ALICE online/offline programvareprosjektet
  • Bidra til forskingsprosjekt (programvareutvikling, dataanalyse) innan kjernefysikkgruppa ved IFT
  • Bidra til rettleiing av bachelor-, master- og doktorgradsstudentar innan databehandling ved IFT

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell tungione eller partikkel høgenergifysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Det krevst røynsle med drift og feilsøking av komplekse IT-system og med CERN/LHC-relaterte HPC- og databehandlingsmiljø (f.eks. Tier-1-senter), kunnskap om Linux-baserte klyngesystem og nettverk og utvikling i C++.
  • Det er ein føremon om søkjaren har kunnskap om benchmarking og ytingsovervaking, mellomvare: (J)AliEn og dCache, batch-køsystem og cluster-handteringsverktøy samt erfaring med Python.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevne.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ønskjeleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Det vil bli lagt vekt på personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 553 500,-. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Følgande premissar er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til
  • seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og
  • forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings-
  • gruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS