LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetsbibliotekar i musikk

Søknadsfrist: 16.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira digitale dugleikar og informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Musikkfeltet innan UiB er i ei sterk utvikling i dialog med Fakultet for kunst, musikk og design. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199) i musikk. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte. Stillinga har for tida arbeidsstad Bibliotek for samfunnsvitskap, musikk og psykologi, men vil flytte til Fakultet for kunst, musikk og design når Griegakademiets bygg er ferdigstilt.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi undervisnings- og forskingsstøtte i informasjonssøking og bruk av kunnskapskjelder for studentar og forskarar.
  • Delta i oppgåver knytt til digital infrastruktur for forsking og kunstnarisk arbeid.
  • Være kontaktperson mellom fagmiljø og bibliotek.
  • Utvikle dei trykte og elektroniske musikksamlingane.
  • Delta i tenesteutviklingsprosjekt.
  • Delta i verksemda elles. Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

I forbindelse med nytt bygg for Griegakademiet blir det ein del oppgåver knytt til planlegging og gjennomføring av flytting av samlingar og tilknytta funksjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i musikkvitskap eller musikkterapi. Mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap eller mastergrad innan relevante fag kan bli vurdert. Erfaring med musikksamlingar, musikkvitskap i fagkrinsen eller kjennskap til musikk som utøvande felt er da ein fordel.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing, formidling og digitale dugleikar blir vektlagt.
  • Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel.
  • Kjennskap til forsking, forskingsmetodar blir vektlagt.
  • Kjennskap til vitskaplege publiseringsprosessar er ein fordel.
  • Engasjert, sjølvstendig, initiativrik og med god gjennomføringsevne.
  • Opptatt av brukarperspektiv og kontinuerleg tenesteutvikling.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (eller andre skandinaviske språk) og engelsk.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 56-67 (kode 1199/LR 25), i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 507 600 – 615 800. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24), løn etter lønssteg 68 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 68-72, for tida kr. 626 100–677 600). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS