LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Spesialtannlege (20 %) ved Seksjon for kjeveortopedi

Søknadsfrist: 07.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Spesialtannlege (20 %) ved Seksjon for kjeveortopedi

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som spesialtannlege (20 %) ved Seksjon for kjeveortopedi.

Det kan verte aktuelt å dele opp stillinga. Vi ber søkjar opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene omfattar behandlingsplanlegging, koordinering og oppfølging av pasientar med store kjevestillingsavvik der det er eit behov for kjeveortopedisk behandling og ortognatisk kirurgi. Kompetansegruppa samarbeider tett med kjevekirurgisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, der den kirurgiske delen av behandlinga vert utført. Arbeidet omfattar eit nært samarbeid med spesialistar i kjeveortopedi som henviser pasientar til kompetansegruppa.

Spesialtannlegen skal også delta i seksjonen og fagområdet si teoretiske og kliniske undervisning for odontologi- og tannpleiarstudentar og spesialistkandidatar. Undervisninga omfattar seminar- og klinikkundervisning. I tillegg inngår utvikling av undervisningsmateriell, og tilrettelegging av og deltaking i klinisk forsking og i faglege fora. Spesialtannlegen må vere ansvarshavande på kliniske økter, utgreie, leggje til rette, rettleie og behandle pasientkasus på ulike nivå. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle Universitetsklinikken ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora og i pasientnær forsking.

Spesialtannlegen rapporterer til seksjonsleiar ved Seksjon for kjeveortopedi.

Det kan leggjast andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og vere godkjend spesialist i kjeveortopedi med mange års klinisk erfaring som kjeveortoped. Det er ein føremon at den som vert tilsett har norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Klinisk erfaring er eit krav. Pedagogisk kompetanse og erfaring er ønskjeleg.

Den som vert tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som spesialtannlege (kode 0787) er lønt i lønssteg 67 etter kvalifikasjonar (for tida 608 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling). For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsprosent du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Seksjonsleiar ved Seksjon for kjeveortopedi, professor Keijo Luukko, tlf.: + 47 55 58 63 66 e-post: [email protected] eller
  • Instituttleiar professor Bodil Lund tlf.: +47 55 58 65 12, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS