LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist: 05.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei midlertidig stilling (20 %) som vitskapleg assistent. Stillinga er ledig frå 1. mars 2023 med sluttdato 31.12.2023. Stillinga er knytt til eit forskingsprosjekt innan fMRI-gruppa ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi med prosjektleiar Kenneth Hugdahl.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til prosjekt om høyrselhallusinasjonar ved schizofreni samt prosjekt om kognitiv kontroll aldring. Den som vert tilsett vil ha ansvar for rekruttering av pasientar og friske kontrollpersonar for deltaking i forskingsprosjektet, inklusiv ansvarleg for logistikk ved transport etc., samt innsamling og analyse/lagring av enkelte data. Andre tilsvarande oppgåver kan kome i tillegg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha avlagt bachelorgrad.
  • Søkjaren må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i norsk, og engelsk.
  • Søkjaren må ha tidlegare spesifikk erfaring frå bruk av intervjuskjema som PANSS, BAVQ samt MVQ
  • Søkjaren må ha tidlegare erfaring med bruk av dikotisk lytting metode, både ved bruk i trening av kognitiv kontroll av høyrselhallusinasjonar samt ved regulært bruk av metoden.
  • Søkjar må ha relevant erfaring innan psykisk helsevern
  • Det er en fordel om søkjaren kan dokumentere norsk autorisasjon som sjukepleia

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn Løn som vitenskapeleg assistent etter 383 200 brutto i 100 % stilling (kode 1019) eller 417 900 brutto i 100 % stilling (kode 1020) for dem som har fullført master. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad
  • CV med kopi av eventuelle skriftlige arbeider
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Lin Sørensen, professor, lin.sorensen@uib.no , tlf. 55 58 62 07
  • Professor emeritus Kenneth Hugdahl, hugdahl@uib.no , tlf. 55 58 62 77

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS