LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (mellombels) - Globale samfunnsutfordringar (GSU)

Søknadsfrist: 13.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, Globale samfunnsutfordringar (GSU), er det ledig ei stilling som seniorkonsulent 1. juli – 31. desember 2021. Vi søkjer ein ambisiøs og initiativrik person med interesse for internasjonale spørsmål.

GSU har som mandat å fremje tverrfagleg forsking og utdanning av relevans for dei store globale samfunnsutfordringane. Fram til 2022 er fokus på helse, migrasjon og ulikskap. Aktivitetar ved GSU omfattar blant anna Bergen Global, Bergen Summer Research School og Bergen School of Global Studies. GSU vert koordinert av Det medisinske fakultet og administrasjonen av satsingsområdet er plassert her.

Arbeidet vil vere knytt Bergen School of Global Studies som har som målsetjing å synleggjere UiBs engelskspråklege program, MA og PhD kurs og som er relevante for globale samfunnsutfordringar: ulikhet, migrasjon, helse, klima og energiomstilling og styresett.

Stillinga er ei mellombels stilling knytt til oppstarten av Bergen School of Global Studies. Stillinga inngår i den administrative gruppa for GSU, og arbeidsstad vil vere delt mellom Bergen School of Global Studies sine lokalar i Jekteviksbakken 31 og GSU sin administrasjon i Årstadveien 21.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av aktiviteten i Bergen School of Global Studies
  • Utarbeide informasjonsmateriell og utvikle webside for Bergen School of Global Studies, herunder innhenting av opplysingar om relevante kurs og studieprogrammer
  • Organisere interne og eksterne møter, herunder informasjonsmøter med fakultene og relevante institutt
  • Organisere fagleg-sosiale møter for studentane
  • Formidling gjennom sosiale media

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga, knytta til oppstarten av BSGS.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis frå studieadministrasjon er eit ønskje
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som har

  • gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • evne til å setje seg raskt inn i nye saksfelt
  • stor arbeidskapasitet og er fleksibel

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikikje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS