Seminarkoordinator / Vitskapleg assistent - Institutt for geografi
Søknadsfrist: 31.05.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som seminarkoordinator / vitskapleg assistent frå 1. august 2020. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
Vere undervisningsassistent på emne på 100- og 200-nivå i haustsemesteret 2020 og vårsemesteret 2021, tilpassa utdanningsbakgrunn til den som får stillinga
Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk. Kommentere obligatoriske oppgåver
Vere seminarkoordinator for alle undervisningsassistentane
Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane. Planlegge og gjennomføre rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular
Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergradi i geografi
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT-kompetanse
Relevant arbeidserfaring vil vere ei føremonn. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrja av semesteret
Evne til å arbeide systematisk
Resultatorientert og sjølvstendig
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibel og arbeidsvillig
Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl. 17.515/1020) Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 456 400,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.)
Søknadsfrist: 31. mai 2020.
Søknaden skal merkast: 20/4570.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Til informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.