LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seksjonsovertannpleiar (fast)

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonsovertannpleiar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggjande tannpleie, gerodontologi og samfunnsodontologi ved Klinikk for tannpleie, er det ledig ei fast stilling som seksjonsovertannpleiar (100 %) med tilsetjing frå juni 2021.

Arbeidsoppgåver:

Dagleg leiar for det kliniske arbeidet samt faglege oppgåver og undervisningsoppgåver ved Klinikk for tannpleie ved seksjonen. Tilrettelegging for kompetanseutvikling og fagleg oppdatering av personalet i samarbeid med seksjonsleiar. Delegert personalansvar og HMS ansvar. Arbeid som klinisk lærar, førebu og gjennomføre teoretisk og praktisk undervisning av studentar, samt rettleiing av studentar under arbeid med pasientar i klinikken.

Seksjonsovertannpleiar rapporterer til fagleg leiar av tannpleiarutdanninga og seksjonsleiar. Seksjonsovertannpleiar er saman med leiarteamet ansvarleg for at klinikken vert driven effektivt og på ein forsvarleg måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar og tildelt budsjett.Det kan også leggjast andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar, omfattande relevant klinisk erfaring og undervisningserfaring
  • Søkjar med pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring, administrativ erfaring, gode norskkunnskapar og erfaring frå undervisning av tannpleiarstudentar vert føretrekt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, ha gode leiareigenskapar, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar og fagkompetansen som er nødvendig for stillinga verte vektlagd

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som overtannpleiar etter lønssteg 45-56 etter tenesteansiennitet (kode 1032 LR15 - for tida kr 422 600 – 498 800). For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Overtannpleiar Gro Stenerud, tlf.: 55 58 62 46, e-post: gro.stenerud@uib.no eller
  • Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 e-post: neshe.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS