LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overtannlege (endodonti)

Søknadsfrist: 06.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overtannlege (endodonti)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig inntil 100 % stilling som overtannlege ved Seksjon for endodonti med tilsetjing snarast. Instituttet prioriterer tilsette i større stillingsbrøkar. Interne søkjarar som tilfredstillar kompetansekrava, og som ynskjer å utvide sin stillingsbrøk, vert derfor spesielt oppmoda om å søkje.

Arbeidsoppgåver:

Overtannlegen har saman med seksjonsleiar ansvar for den kliniske undervisninga i grunnutdanning for studentar på integrert masterprogram i odontologi. Dette omfattar ansvar for at den kliniske undervisninga av studentar og spesialistkandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet og Institutt for klinisk odontologi. Oppfølging av studentane sin kliniske progresjon og tilbakemeldingssamtalar på fagklinikken vil vere viktige oppgåver. Vidare sørgje for god pasientbehandling, god ressurs disponering (personell, materialar og utstyr) og god undervisning ved seksjonen, samt fagleg oppfølging av fagklinikken sitt personale.

Overtannlegen rapporterer til seksjonsleiar ved Seksjon for endodonti. Overtannlegen er saman med seksjonsleiar ansvarleg for at klinikkseksjonen vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, system og tildelt budsjett.

Overtannlegen vil normalt få delegert personalansvaret for dei tilsette som arbeider i teamet.

Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato og vere godkjend spesialist i endodonti. Pedagogisk erfaring og omfattande klinisk erfaring er eit krav.

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, ha gode leiarevner, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt vere fleksibel og serviceinnstilt. Ved vurderinga vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane og fagkompetansen som er naudsynt for stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68 (kode 1301) for tida 618 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særskilt kvalifiserte søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS