LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Søknadsfrist: 09.02.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Overingeniør 

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar som overingeniør ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt film og TV-produksjon. 

Instituttet har for tida om lag 40 vitskaplege stillingar og 30 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttet sine bachelor- og masterprogram. Administrasjonen ved instituttet har om lag 15 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet viser vi til: http://www.uib.no/infomedia.

Stillinga er fysisk lagt til instituttet sine lokale i Media City Bergen og er knytt til den tekniske drifta av utstyr som vert brukt i instituttet si undervisning, forsking og innovasjon. Stillinga vil bli ein del av instituttet si tekniske gruppe. Til stillinga ligg det også undervisningsoppgåver på instituttet sine studieprogram.

Instituttet har 3 tekniske stillingar som mellom anna har driftsansvar for: 

Studio, mac-labbar, redigeringsrom, forskingslabbar, foto og videoutstyr, lydutstyr, eyetracking, VR-utstyr, 3D-printing, robotar, Arduino, motion-tracking, dronar, it- utvikling/drift (backend). 

Arbeidsoppgåver:

  • Opplæring i bruk av teknisk utstyr for studentar og tilsette på instituttet
  • Dagleg drift og ettersyn av labbar, mobilt og stasjonært utstyr
  • Undervisning innanfor eit eller fleire fagfelt, til dømes foto/video, lyssetting, lyd og videoredigering, VR, dronar, Eyetracking (observasjonsstudiar)
  • Ut- og inn- booking av mobilt utstyr
  • Delta i drift og utvikling av backend-system ved instituttet

Teknologi er under stadig utvikling. Den som blir tilsett må difor ha evne og vilje til å sette seg inn i nye teknologiar og plattformer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad eller tilsvarande innanfor relevant utdanning for stillinga 
  • Gode kommunikasjons- og pedagogiske ferdigheiter. Erfaring innanfor undervisning vil vere ein fordel
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Den som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • Løn som overingeniør etter årsløn på NOK 620 000 – 670 000 (kode 1087), i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Espen Dahle, tlf. 55583381, e-post: espen.dahle@uib.no

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 26/926.

Søknadsfrist 09.02.2026.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS