Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Ver med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiB!Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som klientdrift systemingeniør, avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør i gruppa for Klientdrift.IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uibGruppa for Klientdrift inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av klientar (Linux, MacOS og Windows) og utskrift ved UiB. IT-avdelinga styrker nå gruppa for å kunne dekke behova til nye brukargrupper og auke kvaliteten i eksisterande tilbod.
Arbeidsoppgåver:
Generell drift av klientar og tilhøyrande verktøy/infrastruktur inkludert vedlikehald av konfigurasjon, programvarepakkar mm
Være med å utvikle og vedlikehalde eit kodebasert driftskonsept i MS365
Bidra til løysningar som er brukarvenlege og effektive
Saksbehandling på høgare teknisk nivå
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kjennskap til drift av klientar (MacOS) og tilhøyrande verktøy, som Munki, ADE, profiler, MDM/Intune
God kompetanse på automatisering, bruk av api-er og skripting i for eksempel Python, PowerShell eller zsh/shell
God kompetanse på Mac operativsystem
Kjennskap til versjonskontroll med tilhøyrande metodikk og arbeidsprosessar
Forståing av informasjonstryggleik
IT-teknisk kompetent, nysgjerrig og svolten på å lære nye ting
Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
Du er god til å samarbeide og til å bygge relasjonar internt og eksternt. I tillegg evner du å forstå behova til brukarane våre
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du fortel oss kva du kan og kva du ønsker å arbeide med. Vi har alltid plass til spannande medarbeidarar med ulik bakgrunn. Søk på stillinga og bli en del av vårt team i dag!
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) i årsløn kr. 552 000 - 595 000, overingeniør (kode 1087) i årsløn kr. 615 000 – 700 000, eller senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 691.500 - 850.000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Marcel Jean Biebricher, epost marcel.biebricher@uib.no , mobil 994 37 676, eller seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen, epost jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.