Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 900 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.
Økonomiseksjonen ved NT‑fakultetet består av om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som held til i Realfagbygget. Seksjonen er organisert i tre temagrupper: totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Vi leverer økonomitenester og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre som høyrer til fakultetet. Den utlyste stillinga vil få oppgåver knytt til temagruppene totaløkonomi og prosjektøkonomi.
Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Hos oss vil du bli del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø og få varierte og sjølvstendige oppgåver innan økonomifeltet. Stillinga rapporterer til seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver
Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomirådgjevar:
Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap.
Oppretting, oppfølging og avslutning av prosjekter.
Rapportering til instituttleiing, prosjektleiar, eksterne og andre.
Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål.
Sakshandsaming.
Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar.
Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta.
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga som økonomirådgjevar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
Søkjarar bør ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen, eller relevant utdanning på bachelornivå med gode resultat og relevant praksis.
God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
God rekneskaps- og tallforståing er ein føresetnad.
Relevant erfaring med prosjektarbeid er ein føremon.
Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
Det er ynskjeleg med relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
Nyutdanna på masternivå kan òg vurderast.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som
er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne.
har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
er initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr 670 000 og kr 780 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
Fleksibel arbeidstid med moglegheit for noke heimekontor.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seniorrådgjevar Rigmor Geithus telefon 55 58 34 70 / e-post rigmor.geithus@uib.no eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.