LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (fast)

Søknadsfrist: 08.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (fast)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for protetikk, er det ledig to faste stillingar (2 x 40 %) som instruktørtannlege frå 1.1.2021.

Det kan verte aktuelt å dele stillingane i mindre stillingsbrøkar. Søkjar må i så tilfelle opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer og kva dag/dagar ein kan arbeide.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved særskild behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar (tannlege- og tannpleier), behandling av institusjonen sine pasientar, supervisjon og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar, både praktisk og teoretisk. Den sjølvstendige teoretiske undervisninga kan vere i form av seminar og demonstrasjonar. I tillegg må ein vere budd på å vere aktivt med på å utvikle nye undervisningsopplegg, samt vere forplikta til å delta i etterutdanningsopplegg som vert tilbudd t.d. innan pedagogikk.

I tillegg er det aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på fagleg aktivitet (kursdeltaking m.m. innan disiplinen), erfaring med protetisk behandling, samt undervisningserfaring. Minimum to års erfaring frå allmenn praksis er eit krav. Søkjar bør ha anna stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde sine kliniske ferdigheiter.

Søkjar må ha gode kunnskapar i munnleg og skriftleg norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • startløn (kode 1015) for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse startløn for tida kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • søkjar må opplyse kva dag/dagar ein kan arbeide
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS