Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på 4 (fire) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før 4 år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillinga er knytt til prosjektet "Temporary inconvenience or early warning signs? A new take on maternal symptoms in early pregnancy and their consequences", finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Svangerskapet er ei unik tid i livet der mor og barn lever i symbiose. Dette forholdet fører likevel til ei rekkje symptom hos mødrene, som kvalme, oppkast, blødingar, smerter, trøyttleik og mykje meir. Vil du finne ut kvifor kvinner vert sjuke, og kva det har å seie for helsa til mor og barn i framtida?
Som stipendiat vil du få høve til å arbeide med Den norske mor, far og barn-undersøkinga, ein unik studie med detaljert informasjon med om lag hundre tusen svangerskap (fhi.no/op/studier/moba). Du skal studere symptomer under svangerskapet ved bruk av genetisk epidemiologi. Prosjektet vert utført ved Senter for diabetesforsking (uib.no/diabetes) lokalisert ved Barne- og ungdomssjukehuset i Bergen. Du vil få rettleiing og opplæring , hjelp til karriereutvikling og høve til å gjennomføre forskingsopphald i utlandet.
Andre arbeidsoppgåver:
Setje saman og organisere symptom rapportert av kvinner under svangerskapet
Etablere svangerskapsprofilar basert på førekomst og tidspunkt for symptoma
Studere den genetiske bakgrunnen for symptoma ved hjelp av SNP-array-data
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For å verte vurdert til stillinga må du:
ha fullført mastergrad eller tilsvarande i genetisk epidemiologi, statistisk genetikk, medisinsk datavitenskap eller bioinformatikk
ha erfaring med å analysere store omic-data
ha ferdigheter i eit programmeringsspråk
kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
ha evne og motivasjon til å gjennomføre doktorgradsprosjektet
ha god skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Elles vil følgjande kvalifikasjonar telje positivt:
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt
Erfaring med genetiske epidemiologiske metoder
Erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar her.
Forskarutdanning (ph.d.-programmet):
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.