LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (100%) i 3 år ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 03.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på 3 (tre) år frå 01.01.2026. Stillinga er knytt til prosjektet ”Temporary inconvenience or early warning signs? A new take on maternal symptoms in early pregnancy and their consequences.”, finansiert av europeiske forskningsrådet og Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Tilby ekspertise i samband med symptom tidleg i svangerskapet
  • Handsame informasjonen frå spørjeskjema i Mor og Barn-kohortstudien (MoBa)
  • Bidra med klinisk ekspertise om svangerskapssjukdom ved tolking av genetiske undersøkingar
  • Styre behandlinga av plasmaprøver for å kartleggje hormonnivå under svangerskapet
  • Gjennomføre kohort- og registerstudiar om konsekvensar av svangerskapssjukdom for seinare helse hos mor og barn
  • Bidra med leiing av prosjektet, etikk og prosjektadministrasjon
  • Rettleie ph.d.-kandidatar og søkje om forskingsmidlar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å verte vurdert til stillinga må du:

  • ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor epidemiologi av svangerskapskvalme (førekomst, symptomer og behandling), eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • ha vitskapleg forsking på svangerskapsrelaterte symptom, komplikasjonar og behandling, og vere førsteforfattar på minst en vitskapeleg publikasjon om temaet 
  • nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Vidare vil følgjande kvalifikasjonar telje positivt:

  • erfaring med kohortstudie om graviditet, e.g. MoBa eller sykehusbasert 
  • erfaring med handtering av sensitive data, samtykke og etiske godkjenningar 
  • kunnskap om norske helseregister og MoBa-studien 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir e nn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Marc Vaudel, e-post: marc.vaudel@uib.no

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsetjingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS