LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (2 x 20 %) ved Seksjon for periodonti

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (2 x 20 %) ved Seksjon for periodonti

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig to faste stillingar som instruktørtannlege (20 %) ved Seksjon for periodonti. Stillingane er ledig frå 16. august 2021.

Dei som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar og einingar ved behov.

Ein føresett at søkjar er tatt opp som kandidat ved spesialistutdanninga i periodonti ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, rettleiing og vurdering av studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege på tilsetjingsdato. Det er eit krav at søkjar er tatt opp som kandidat ved spesialistutdanninga i periodonti ved Universitetet i Bergen. Det er ønskeleg med erfaring frå allmennpraksis og undervisningserfaring. For å få fast tilsetjing er det eit krav med to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege.

Dei som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) med startløn for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjar med spesial-/spesialistkompetanse startløn kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar ved Seksjon for periodonti, førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS