LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Høgskulelærar - Institutt for informasjons- og medievitskap

Søknadsfrist: 15.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Høgskulelærar

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ein fast 50 % stilling som praksislærar / høgskulelærar innan TV produksjon. Arbeidsstad for stillinga vil vere i institutt si avdeling i kunnskapsklynga Media City Bergen (MCB).

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit forskingsintensivt og fleirfagleg institutt ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, Universitetet i Bergen. Instituttet er vertskap for fleire eksternfinansierte prosjekt og sentre, mellom anna senter for forskingsdrevet innovasjon MediaFuture, lokalisert i Media City Bergen.

Ved instituttet er det for tida tilsett 35 faste vitskapelege stillingar om lag 30 PhD og postdoktorar. Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, kognitiv vitskap, kunstig intelligens og medier & kommunikasjon, samt innan TV-produksjon, manusutvikling, journalistikk og interaksjonsdesign knytt til instituttet sine aktivitetar I MCB.

Bachelorprogrammet i TV produksjon tek opp om lag 25 studentar årleg. Med moderne studioløysingar og teknologi, samt unik nærleik til bransjen, kan studiet tilby særs gode rammevilkår for ei grunnutdanning innan tv produksjon av høg kvalitet og stor relevans.

Utfyllande informasjon om pågåande forsking og undervisning er tilgjengelig på instituttets heimesider

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåver vil være å ta hand om kurs i femte og sjette semester på bachelorprogrammet i TV-produksjon, i tett samarbeid med fagleg leiing og øvrig stab knytt til programmet. I siste studieår ligg det spesialisering i individuelle fagfunksjonar (produsent, regi, klipp, lyd og foto), praksisførebuing, produksjon av eksamensfilmar og utplassering. Stillinga inneber både administrative og faglige oppgåver, og vi er på utkikk etter ein person med solid bransjeerfaring, eit godt bransjenettverk innan TV og film, og god forståing av heile produksjonsprosessen frå manus til klipp.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fire års høgare utdanning, minst to av disse frå eit fagfelt relevant for stillinga
  • Erfaring frå TV- og/eller film-produksjon, gjerne innan både dokumentar og fiksjon
  • Produsenterfaring vil være en fordel, da stillinga involverer logistikk/planlegging, samt at samarbeidsrelasjonar, gruppedynamikk og rolleforståing på audiovisuelle produksjonar står sentralt.
  • Allsidighet, men særlig manuskompetanse vil være fordelaktig
  • Erfaring med undervisning og rettleiing vil vere en fordel
  • Vi er på utkikk etter en person med organisatorisk talent, som er effektiv og pålitelig, og har gode samarbeidsevner
  • Den som vert tilsett må kunne jobbe sjølvstendig og være komfortabel med å ta og få ansvar. Stillinga krev evne til å inspirere og til å få folk til å fungere godt saman.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på undervisning og forsking.
  • Stillinga er løna etter lønssteg 53-65 (Lpl.17.510/ kode 1007). Dette utgjer ei årsløn på kr. kr. 464 800,- - 576 100,- brutto i full stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedleg må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til:

  • Professor Erlend Lavik, e-post: erlend.lavik@uib.no eller tlf.: +47 55 58 91 46

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgiver Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS