Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstesekretær (50 %)
Ved det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig eit 6 månaders vikariat i stilling som førstesekretær (50 %) knytt til oppgåver i instituttets ekspedisjon. Det kan verte aktuelt med forlenging av tilsetjingsperioden. Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutt for biomedisin har ansvar for fakultetet sine basalmedisinske fagmiljø.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil ha ansvarsområde knytt til ekspedisjonsarbeid og praktisk tilretteleggingsarbeid for instituttetsarrangement slik som:
førstelineteneste (svare telefon, yte administrativ service til tilsette og gjestar)
hjelp med brev og pakkeforsending, ta imot pakkar og vidareformidle på instituttet
hjelp med booking av grupperom, gjesterom m.m.
administrera tilgang til gjestar, studentar, parkering m.m.
organisera instituttarrangement m.m.
rutineutvikling av ekspedisjonsarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha vidaregåande skule eller tilsvarande og relevant administrativ praksis. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
god evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på nynorsk og bokmål samt på engelsk
erfaring frå arbeid i ekspedisjon er ein føremon
erfaring og kjennskap til administrative verktøy er ønskjeleg
Vi søkjer ein person som
er serviceinnstilt og utadvendt
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er praktisk og løysingsorientert
har digital kompetanse og evne til å lære seg nye ferdigheiter
sjølvstendig
kan takle høgt tempo og handtere fleire oppgåver parallelt
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som førstesekretær (kode 1063) i lønssteg 38-42 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer fortida brutto årslønn kr. 378 200 – 398 800. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Janne Gotaas, tlf.: 55 58 63 22 / 98038834
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.