LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan bioinformatikk (kjeminformatikk / berekningskjemi)

Søknadsfrist: 10.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan bioinformatikk (kjeminformatikk / berekningskjemi)

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei fast stilling (100%) som førsteamanuensis i bioinformatikk med spesialisering innan kjeminformatikk eller berekningskjemi, tilknytt både Computational Biology Unit (CBU) og Kjemisk institutt.

Universitetet i Bergen er med sine nær 18 500 studentar og vel 4 000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i syv fakultet med ei rekke tilhøyrande institutt og faglege sentre.

Universitetet i Bergen er også del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Kjemisk institutt

Kjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er essensielle faktorar for å møte samfunnet sine aukande behov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye materialar, kvalitetssikring og -analyser, for å nemne nokre tema som også står sentralt i FN sine berekraftsmål. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og er vertskap for eller partner i studieprogram innan kjemi, nanoteknologi og -vitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning.

Vi har i dag omlag 250 studentar, 80 tilsette, inkludert 25 førsteamanuensar og professorar, og vi har omlag 40 ph.d.-kandidatar. Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og er bl.a. vertskap for den nasjonale NMR-plattforma.

CBU

UiB har etablert Computational Biology Unit (CBU) som eit senter for forsking og utdanning innan feltet bioinformatikk. CBU er vertskap for forskingsgrupper frå ulike institutt knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet. Saman med Institutt for Informatikk, tilbyr CBU studieprogram på bachelor- og master-nivå innan bioinformatikk. Ph.d.-prosjekt blir utført i samarbeid med dei ulike institutta ved UiB som bidrar til CBU. Ved CBU driv ein grunnleggjande bioinformatikk forsking som involverer utvikling av nye metodar – anten som eit mål i seg sjølv eller som del av eit biologisk forskingsprogram. CBU leiar den norske noden av den europeiske forskingsinfrastrukturen ELIXIR, ein nasjonal forskingskole innan bioinformatikk, biostatistikk og systembiologi NORBIS, og spelar ei sentral rolle innan forskingssenteret Digitalt Liv Norge. Med støtte frå Trond Mohn Stiftinga er CBU ein drivar i forsking og utdanning innan bioinformatikk og reknebasert livsvitskap ved UiB – gjennom å vere eit sterkt senter og gjennom tett samarbeid med tilknytte institutt ved UiB.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Utlysinga gjeld ein førsteamanuensis med kjeminformatisk eller berekningskjemisk tilnærming til bioinformatikk, som vil bidra tydeleg til forsking og utdanning ved både CBU og Kjemisk institutt, og som er ein synleg deltakar, m.a. med kontorplass, i begge miljøa.

Vi søker framifrå og ambisiøse kandidatar med fokus på molekylære og strukturelle omgrep og modellar i forskinga si og som har ein sterk vitskapleg produksjon innan kjeminformatikk eller berekningskjemi («computational chemistry») av relevans for sentrale forskingstema innan livsvitskap. Det er krav om at søkjarar kan dokumentere erfaring med og interesse for metodeutvikling. Kandidatar som i tillegg viser ekte interesse for samarbeid med eksperimentelt orienterte forskingsmiljø, vil bli føretrekte. Det er forventa at søkjaren viser evne og vilje til å vidareutvikle forskinga i ei retning som opnar for konstruktivt samspel innan eit eller fleire aktive forskingstema ved Kjemisk institutt. Eit tema kor dette er særlege ønskeleg, er innan design av funksjonelle molekyl.

Stillinga inneber ansvar for å undervise og utvikle kurs på både BSc- og MSc-nivå, i hovudsak med fokus på berekningsmetodikk eller teoretisk modellering innan bioinformatikk og kjemi. Vidare er rettleiing av BSc-, MSc- og dr.grads-studentar ei viktig arbeidsoppgåve som fell inn under både forskings- og undervisningsdelen av stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan molekylærbiologi, kjeminformatikk eller berekningskjemi
  • Dokumentert erfaring med metodeutvikling er eit krav
  • Ein sterk vitskapleg produksjon med originale primærartiklar av høg kvalitet og relevans til fagfeltet er eit krav
  • Dokumentert erfaring med maskinlæring er ein føremon
  • Det er forventa at den som blir tilsett, er aktiv i å hente inn ekstern finansiering av forskingsaktiviteten sin. Søkjarar som kan dokumentere evne til tiltrekke seg ekstern forskingsfinansiering, har ein føremon
  • Dokumentert samarbeid med eksperimentelle forskingsgrupper er ein føremon
  • Erfaring frå undervisning på universitetsnivå er ein føremon
  • Det er ein føremon å kunne dokumentere interesse og talent for formidling utover fagmiljøet
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingsteam både som leiar og deltakar
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 597 000 – 694 400. brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få på nettstaden www.cbu.uib.no/ eller ved å vende seg til:

  • instituttleiar professor Knut Børve (knut.borve@uib.no, tlf. +47 55 58 33 65, Kjemisk institutt, eller
  • Direktør for CBU professor Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no, tlf. +47 55 58 47 13)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS