LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Driftsteknikar - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 28.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Driftsteknikar

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekkjer dei fleste fagområda, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege sentre. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin bygningsmasse, som omfattar omlag 90 bygg med i alt 377.000 m2, inkl. leige av 73.000 m2.

Avdelinga har ca. 100 tilsette og forvaltar eit driftsbudsjett på ca. 500 mill. og eit investeringsbudsjett på ca. 140 mill. Avdelinga er organisert i tre einingar - Prosjekt, Drift og Fagstøtte og Stab. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstadvollen/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 3 driftsområde – to er lokalisert på Nygårdshøyden og eit er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til Eigedomsforvaltar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar (fagbrev) og driftsoperatørar som arbeider på dagtid.

Driftsteknikar

Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for tekniske anlegg i freda bygg? Då er du kanskje driftsteknikaren vi ser etter. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet».

Ved Eigedomsavdelinga, Drift, er det ledig ein fast 100 % stilling som driftsteknikar.

Stillinga er i dag plassert i driftsområde 1. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for musea og aulaen. Mange av bygga er freda og ein må ta omsyn til dei rammene som gjeld for freda bygg.

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Dei tekniske anlegga er komplekse og har eit stort omfang. Det er strenge krav til inneklima som skal tilpassast opplæringsareal, publikumsareal, spesialverkstader, forsamlingsareal, kafedrift, mm.

Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll mv. vil bli særskilt lagt vekt på. I tillegg er det ønskeleg med spisskompetanse på tekniske anlegg, fortrinnsvis innanfor ventilasjon/klimatisering eller elektro.

Du må ha gode IT-kunnskapar og generelt vere analytisk.Stillinga rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga ventilasjon, rør, kjøling, elektro. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning, slik at fagbrev som Byggdriftar kan oppnåast
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Erfaring frå større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, klimatiserte rom, sentral driftskontroll ol. vil verte lagt særskilt vekt på.
  • Bruk av IT-verktøy er sentralt i arbeidskvardagen og dette er noko du må kunne godt.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med brannalarm-anlegg, adgangskontroll m.m.
  • God fleirfagleg innsikt
  • Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg
  • Erfaring frå sikkerhet og beredskap
  • Erfaring frå ROS
  • Erfaring frå arbeid i freda bygg

Personlege eigenskapar:

  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og ryddig
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring
  • Serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i løn frå kr 416 400 – 498 800 (ltr.45-56) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • tilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Eigedomsforvaltar: Tone Wold, tlf 950 46 018

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS