LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi

Søknadsfrist: 13.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat som instruktørtannlege (20 %) frå 1. juli 2021 - 17. desember 2021. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval.

Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er ønskjeleg med erfaring frå allmennpraksis og undervisnings- eller rettleiarerfaring.

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Spesiell interesse for røntgen, både som teknikk og i diagnostikk, med røntgen som ein del av heile pasientbilete. Motivert for å jobbe hjå oss og med studentundervisning og røntgendiagnostikk. Interessert i teknikk og teknologisk utvikling. Vi ønskjer ein tannlege med brei klinisk erfaring. Interesse for røntgenfaget, normal og patologisk røntgenanatomi, bilete- og undersøkingsteknikkar, kunne anvende røntgendiagnostikken i allmennpraksis som tannlege. Søkjaren må vere motivert til å formidle vidare sin kunnskap til studentane. Pedagogisk erfaring og kompetanse er ønskjeleg. Vedkomande som vert tilsett må ha god skriftleg formidlingsevne. Det er ein føremon om søkjar har erfaring som instruktørtannlege, særleg frå undervisning i kjeve- og ansiktsradiologi.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) med startløn for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjar med spesial-/spesialistkompetanse startløn kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar ved Seksjon for kjeve- og ansiktsradiologi, Professor Malin Jonsson, tlf.: 55 58 63 18 eller e-post: Malin.Jonsson@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS