Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Sjukepleiar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei 50 % fast stilling som sjukepleiar med tilsetting så snart som mulig. I periodar kan det verte høve for større stillingsprosent.
Seksjon for oral kirurgi og oral medisin utdannar tannlegar og spesialistar i oral kirurgi. Me har eit dynamisk og aktivt miljø, og i tillegg til undervisning driv me også med forsking, bla på bruk av stamceller for å bygge kjevebein. Arbeidsmiljøet er godt.
Arbeidsoppgåver:
Ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
Omsorg for pasientar
Rettleiing og undervisning av tannlegestudentar, tannpleiarar og spesialistkandidatar
Ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, gjerne operasjonssjukepleiar
Erfaring frå undervisning/veiledning er ønskjeleg
For søkjarar utan spesialutdanning vert det krevd relevant erfaring
Erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
Gode norsk kunnskapar
Vi søkjer ein person som:
Er fleksibel og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er positiv og engasjert
Kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Liker å delta i undervisning
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som sjukepleiar (kode 807) for tida kr 534 900 for ei fulltidsstilling. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Oversjukepleiar, Linda Ljones, e-post: linda.ljones@uib.no, tlf: 55586600
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.