Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Sjukepleiar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig en 50 % mellombels stilling som forskingssjukepleiar frå 01.01.2021 til 31.12.2021. I periodar kan det verte høve for større stillingsprosent.
Stillinga er knytt til Forskingseining for helseundersøkingar (FHU/ RUHS), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Det medisinske Fakultet og Haukeland Universitetssjukehus. Hovudføremålet med eininga er å gjennomføre kliniske studiar på friske og sjuke mennesker.
Arbeidsplassen er FHU, Overlege Danielssens hus, Årstadveien 21.
Arbeidsoppgåver:
Forskingssjukepleiar vil delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med den administrativ og vitskapleg ansvarleg for eininga.
Hovudoppgåva vil vere å planlegge deltakarflyt og logistikk, utføre standarundersøkingar av studiedeltakerar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon, blodprøvetaking og vere ansvarleg for Helse Miljø Tryggleik og smittevern.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
relevant vidareutdanning er ønskjeleg
erfaring frå klinisk forskingsprosjektar er ønskjeleg
søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på engelsk.
må ha erfaring med blodprøvetaking og innlegging av venflon
ønskeleg med erfaring med laboratoriearbeid.
ønskjeleg erfaring med kliniske prosedyrar, til dømes spirometri, EKG, 24 t. BT måling, o.s.v.
gjennomført Good Clinical Praksis (GCP) kurs er ein føremon
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Søkjarar med disse kvalifikasjonar vi bli føretrekke
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som sjukepleiar (kode 807) i lønssteg 47-53 (for tida kr 430 500 - 474 500 for ei fulltidsstilling). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
FHU sin leiar, professor Francisco Gómez Real, e-post: francisco.real@uib.no, tlf.: 91561146
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.