Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen søkjer ein engasjert studiekonsulent (seniorkonsulent) til ei fast stilling. Hos oss får du ein sentral rolle i å sikre gode studieløp for studentane våre – og bidra til at morgondagens forskarar og teknologar lykkast.
Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi (IFT) er ein plass der nysgjerrigheit møter nytenking. Her forskar og underviser vi på alt frå klassisk fysikk til framtidsretta teknologi innan energi, hav og berekraft. Vi utdannar kandidatar på alle nivå – frå bachelor til doktorgrad – og bidreg aktivt i tverrfaglege studieprogram som formar morgondagens kompetanse.
Når du blir ein del av IFT, går du inn i eit fagmiljø som kombinerer solide fysikktradisjonar med innovasjon og teknologisk utvikling. Studieadministrasjonen ved IFT har blant anna til oppgåve å legge til rette for eit godt studieløp for studentane våre. Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet er ein sentral del av arbeidet i studieadministrasjonen, og du vil arbeide tett saman med både studentar og tilsette ved instituttet.
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø der du får høve til å påverke og utvikle studieadministrasjonen i takt med framtida.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes:
Administrasjon av bachelor- og masterprogram ved instituttet
Rettleiing, mottak og oppfølging av studentar
Eksamensarbeid og timeplanlegging
Samarbeid med undervisarar om studieprogramma
Saksbehandling av ulike typar studiesakar
Arbeid med opptak, studentrekruttering, informasjonsarbeid og tilsetting av studentmedarbeidarar
Deltaking i fagleg-administrative nettverk
Forbetringsarbeid og rutineutvikling
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.
Stillinga passar for deg som er fleksibel, trivst med variasjon og raskt skiftar fokus når situasjonen krev det. Du handterer endringar med ro, jobbar presist også i hektiske periodar og bidreg med initiativ, engasjement og gode idéar i både det faglege og det sosiale miljøet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Du må ha utdanning på masternivå. Bachelorgrad kombinert med lang relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad.
Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning er eit krav.
Det er naudsynt med god digital kompetanse.
Erfaring frå studieadministrativt arbeid vil bli vektlagt.
Kjennskap til dei studieadministrative systema på universitetet er ein fordel.
Personlege eigenskaparVi søkjer ein kollega som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt, fleksibel og positiv
er målretta og har god gjennomføringsevne
er sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og bidreg til å finne løysingar.
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 586 100 - 630 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Elisabeth Holba (Elisabeth.Holba@uib.no, tlf. 55 58 35 72) eller instituttleiar Kjetil Ullaland (Kjetil.Ullaland@uib.no) ved Institutt for fysikk og teknologi.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Vivian Stegen Jacobsen, e-post vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.