LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

Stipendiat i språkviteskap

Søknadsfrist: 01.02.2021

Universitetet i Søraust-Noreg

Universitetet i Søraust-Noreg har om lag 18.000 studentar og ca. 1900 tilsette. Universitetet er organisert i fire fakultet, og har undervisnings- og FoU-verksemd på åtte campusar.


Universitetet sin hovudprofil er å tilby profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanningar, i tillegg til forsknings- og utviklingsarbeid.

Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap har ledig midlertidig stilling som Stipendiat i språkviteskap

Om stillinga

Ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved USN er det frå 01.08.2021 ledig stilling som stipendiat i språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur. Stillinga er knytt til forskargruppa Språkleg variasjon og endring i samfunn og utdanning (SVEISU). Dette inneber at stipendiaten vil delta i eit miljø som omfattar både erfarne forskarar og andre stipendiatar.

Næraste overordna er instituttleiar Jørn Boisen ved Institutt for språk og litteratur (ISL). Hovudarbeidsstad kan vere Drammen, Vestfold, Notodden, Porsgrunn eller Bø, og er etter avtale med den som blir tilsett. Stipendiaten blir tilsett for fire år med 25 % undervisningsplikt, ev. tre år utan undervisningsplikt. Tilsettingsperiode vil bli avklart i rekrutteringsprosessen. Perioden går frå tidspunktet stipendiaten blir tilsett.

Om doktorgradsprosjektet

Rammene til prosjektet er språk og språkbruk i vid forstand, irekna sosiolingvistiske, kognitive, diskursive, didaktiske og språkhistoriske tilnærmingar. Prosjektet kan ha fokus på språk i heile utdanningsløpet, språklege endringsprosessar på samfunns- og individnivå og på ulike læringsarenaer.

Relevante tematikkar kan vere, men avgrensar seg ikkje til, følgande:

  • Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk i utdanningsløpet (til dømes ny og gammal fleirspråklegheit, tileigning og forvalting av fleirspråkleg kompetanse, norske minoritetsspråk, samiske språk)
  • Språkleg variasjon og endring (til dømes den norske skriftspråkssituasjonenen med bokmål og nynorsk, norsk og samisk, skrift-/talemålsvariasjon, ungdomsspråk, korpusanalysar)
  • Sosiolingvistikk (til dømes normativitet, standardisering, språkhaldningar og -ideologi)
  • Rettslingvistikk (til dømes klarspråk, forfattaridentifisering, kontrastiv analyse, institusjonelle samtalar)

Ein medlem frå forskargruppa Språkleg variasjon og endring i samfunn og utdanning (SVEISU) kan gjerne nemnast som ein mogleg vegleiar i søknaden.

Kvalifikasjonar

Søkarar til stipendiatstillinga må ha relevant mastergrad (120 stp.) eller tilsvarande høgare utdanning, helst innan lingvistikk, nordisk, norsk, engelsk eller tilsvarande og/eller språk-/norskdidaktikk. Grad med pedagogisk eller samfunnsvitskapleg fokus kan òg vere relevant. Graden må vere oppnådd innan oppgitt søknadsfrist, og karakteren må normalt vere B eller betre på mastergraden.

Det er venta at den som får stillinga, søker og får innvilga opptak på doktorgradsprogrammet Pedagogiske ressursar og læreprosessar i barnehage og skole (PEDRES) ved USN.

Den som blir tilsett, må ha evne til sjølvstendig arbeid og samtidig vere motivert for å dele kunnskap og delta i samarbeid. Det vil bli lagt vekt på at vedkommande er personleg eigna for stillinga og er eigna til å levere innanfor tidsramma.

FAGLEG FOKUS

Forskargruppa SVEISU har som siktemål å bidra til ny og auka kunnskap om språklege endringsprosessar på samfunns- og individnivå og på ulike læringsarenaer. Ein slik agenda legg til grunn ei forståing av språk og språkbruk som kulturuttrykk, der både politiske, didaktiske og meir (sosio)lingvistiske prosessar utgjer rammer for språkleg praksis og språkleg endring.

Forskargruppa stipendiaten vil inngå i, er ei gruppe som legg til rette for nasjonale og internasjonale samarbeid (bl.a. med MultiLing Senter for fleirspråklegheit ved UiO). Stipendiaten vil kunne ta del i pågåande prosjekt i forskargruppa. Forskargruppa har dessutan brei metodisk erfaring med ulike typar feltarbeid, datainnsamling og datahandsaming, både når det gjeld kvalitative og kvantitative tilnærmingar.

Vi tilbyr

  • eit spennande og utviklande fagmiljø
  • gode høve for kompetanse- og karriereutvikling
  • fagleg stimulerande miljø knytt til PEDRES og forskargruppa SVEISU
  • høve for utveksling og nasjonal og internasjonal nettverksbygging
  • god pensjonsordning og gunstige vilkår i Statens pensjonskasse.

Løn og vilkår

Stipendiat (stillingskode 1017): NOK 482 200 i året (LT 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

I særskilte tilfelle kan det vere aktuelt å tilsette i stillingskode 1378.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet for stipendiatar ved Universitetet i Søraust-Noreg. Det vil bli gjennomført sakkyndig vurdering av søkarane, og aktuelle søkarar vil deretter bli innkalt til intervju og må i den samanhengen rekne med å presentere og utdjupe prosjektet sitt munnleg.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lovene, forskriftene og avtalane som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Søraust-Noreg har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. USN ønsker at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor også kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Universitetet vil legge tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

I tråd med offentlegheitslovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla.

Kontaktinformasjon

For utfyllande opplysningar om stillinga kan du kontakte:

  • Guro Nore Fløgstad (tlf. 452 95 887) eller
  • Ingunn Indrebø Ims (tlf. 474 49 354)

Slik søker du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadshandsaming. Søkarar til stillinga må registrere søknaden og CV-en sin med vedlegg elektronisk via rekrutteringsportalen Jobb Norge ved å klikke på lenka til høgre: «Søk stillingen».

Følgande dokument skal leggast ved den elektroniske søknaden:

  • attesterte vitnemål frå høgskole/universitet, og attestar
  • hovudfags-/masteroppgåva
  • maksimum 5-siders prosjektbeskriving
  • eventuelle vitskaplege publikasjonar og liste over desse
  • kontaktinformasjon til tre referansar

Vi gjer merksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsettingar må vere attesterte.

Søkaren har sjølv ansvar for å sørge for at all etterspurt dokumentasjon er lasta opp til søknaden innan søknadsfristen.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS