LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Tre stipendiatstillingar i pedagogikk

Søknadsfrist: 15.02.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig tre stillingar som stipendiat i pedagogikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Institutt for pedagogikk har til ei kvar tid stipendiatar som bidrar til forskinga på instituttet. Doktorgradsprosjekta inngår i ein langsiktig plan om å styrkje utdanningsvitskapeleg forsking. Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og vitskapelege arbeid, samt prosjektplanen for forskingsprosjektet sin kvalitet og relevans for instituttet sine forskingsgrupper. Ei oversikt over forskingsgruppene finn de her: Forskningsgrupper | Institutt for pedagogikk | UiB

Forskingsprosjektet som kandidaten skal gjennomføre må utviklast og gjennomførast i samråd med rettleiar(rar) ved instituttet. Som søkjar bør du så tidleg som mogleg ta kontakt med eventuell rettleiarar ved instituttet eller du kan ta kontakt med instituttleiar/stedfortredar som vil vise deg til ei relevant forskingsgruppe/ rettleiar.

Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning, som kandidaten vil verte tatt opp i ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søker må på søknadspunktet ha mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, spesialpedagogikk, utdanningsvitskap eller lærarutdanning på masternivå
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Søkjaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Undervisningsspråket er norsk på dei fleste utdanningsprogramma på instituttet, og kandidaten bør kunne bruke eit skandinavisk språk skriftleg og munnleg alt ved oppstart.
  • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap som dekker prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
  • Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar. Kandidatane sine ambisjonar og potensial vil også telle.

For stillingane gjeld følgande:

Om stipendiatstillingane: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning ved eit av programma ved instituttet; program for universitetspedagogikk; pedagogikk i lektorutdanninga; bachelor og masterprogram i pedagogikk og spesialpedagogikk. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Stipendiatane vil ha arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for pedagogikk.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av kandidatane sine kvalifikasjonar til stillinga vil dei også verte vurderte iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og erfaringar, samt motivasjon for å ta ein doktorgrad
  • Ei prosjektskisse (maks 10 sider inkludert referansar). I skissa som skal søkaren gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode (design, datagrunnlag og analyse) og for planlagde vitskapelege arbeid og format på avhandlinga (artikkelbasert eller monografi). Prosjektet må kunne gjennomførast innanfor tids- og ressursrammene i stillinga. Prosjektskildringa skal innehalde ein litteraturgjennomgang som viser at søkjaren kjenner området og kan trekke fornuftige konklusjonar frå tidlegare forsking. Prosjektskissa skal eksplisitt drøfte aktuelle forskingsetiske problemstillingar knytt til personvern, meldeplikt m.m. I høve der det er aktuelt å søke til REK eller NSD, eller å søke råd hjå UiBs personvernombod, bør dette gå fram av prosjektskissa.
  • Stadfesting frå forskingsgruppe og ph.d rettleiar
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart ein veit ein vil søkje stipendiatstillinga. Dersom ein ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg ein ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli godkjente automatisk, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle andre relevante publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS