LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

To stipendiatstillingar i pedagogikk

Søknadsfrist: 23.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

To stipendiatstillingar

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig to stillingar som stipendiat i pedagogikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiatane er ein viktig del av fag- og forskingsmiljøet ved Institutt for pedagogikk. Doktorgradsprosjekta inngår i instituttet sitt langsiktige arbeid med å styrkje pedagogisk forsking.

Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og vitskapelege arbeid og prosjektplanen for forskingsprosjektet. I tillegg til kvaliteten på prosjektplanen, vert det lagt vekt på prosjektplanen sin relevans for forskinga elles på instituttet.

Forskingsprosjektet som kandidaten skal gjennomføre må utviklast og gjennomførast i samråd med ei av forskingsgruppene ved instituttet. Som søkjar bør du så tidleg som mogleg ta kontakt med ein av forskingsgruppeleiarane ved instituttet eller du kan ta kontakt med instituttleiar/instituttnestleiar som vil vise deg til ei relevant forskingsgruppe. Leiaren for forskingsgruppa vil kunne hjelpe deg med å finne rettleiar. Ei oversikt over forskingsgruppene finn du her: Forskningsgrupper | Institutt for pedagogikk | UiB

Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning, som kandidaten vil verte tatt opp i ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må på søknadspunktet ha mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, spesialpedagogikk, utdanningsvitskap eller lærarutdanning på masternivå.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • For søkjarar med mastergrad frå ein ikkje-utdanningsvitskapleg disiplin vil det vere ei føremon om masteroppgåva har eit utdanningsvitskapleg tema.
  • Blant dei tema der instituttet ønskjer å vidareføre og utvikle kompetansen sin er mangfald, praktisk kunnskap og kunnskap om praksis. Det vil telje positivt om søkjaren sitt prosjekt er innafor eit av desse tematiske felta.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte.
  • Søkjaren må kunne samarbeide med andre.
  • Undervisningsspråket er norsk på dei fleste utdanningsprogramma på instituttet, og kandidaten bør kunne bruke eit skandinavisk språk skriftleg og munnleg alt ved oppstart.
  • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap som dekker prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
  • Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid som først og fremst vil vere undervisning ved eit av programma ved instituttet; program for universitetspedagogikk; pedagogikk i lektorutdanninga; bachelor- og masterprogram i pedagogikk og bachelor- og masterprogram i spesialpedagogikk. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Stipendiaten vil ha arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for pedagogikk. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også blir vurdert for opptak til ph.d.-pgrammet.

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto (tilsvarande lønstrinn 54). Stillinga gir automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3 % årleg stiging.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og erfaringar, samt om søkaren sin motivasjon for å ta ein doktorgrad.
  • Ei prosjektskisse på inntil 10 sider, inkludert referansar. I skissa skal søkaren gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode (design, datagrunnlag og analyse). Søkaren skal også gjere greie for planlagde vitskapelege arbeid og format på avhandlinga (artikkelbasert eller monografi). Prosjektskissa skal dessutan innehalde ein litteraturgjennomgang som viser at søkjaren kjenner forskingsområdet og kan trekke fornuftige konklusjonar frå tidlegare forsking. Prosjektskissa skal eksplisitt drøfte aktuelle forskingsetiske problemstillingar knytt til personvern, meldeplikt m.m. I høve der det er aktuelt å søke til REK eller NSD eller å søke råd hjå UiBs personvernombod, bør dette gå fram av prosjektskissa. Prosjektet må kunne gjennomførast innanfor tids- og ressursrammene i stillinga.
  • Stadfesting frå forskingsgruppe og ph.d.-rettleiar. Lenke til mal finn du her.
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarane må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart ein vurderer å søkje stipendiatstillinga. Dersom ein ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg ein ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden. Visse utdanningar frå dei nordiske landa kan bli godkjente automatisk, sjå oversyn hos NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar, masteroppgåve m.m.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er lagt inn i søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at alle vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Kjersti Lea, Institutt for pedagogikk, e-post: kjersti.lea@uib.no, tlf.: +47 55583133
  • Instituttets nestleiar Anne D. Homme, e-post: anne.homme@uib.no, tlf.: +47 55589746

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS