LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 10.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 01.09.2023.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga blir knytt til prosjektet "Sounding Relation: Use of Music Microanalysis to Explore Parental Contributions to Premature Infant Regulation in the Neonatal Context", finansiert av Norges forskningsråd. Hovudmål med prosjektet er å bruke tverrfaglege perspektiv og musikalsk mikroanalyse for å utforske korleis foreldre til premature barn bidreg til sjølvregulering når dei skaper musikalsk samspel i møte med barnet sitt på nyfødtintensivavdelinga. Det er forventa at stipendiaten utviklar og gjennomfører førehandsbestemte delprosjekt knytt til hovudprosjektet sine mål, med bruk av både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. I tillegg vil stipendiaten få medansvar for koordinering av prosjektet og utvikling av ein kunnskapsbasert rettleiar for foreldre til premature barn. Hovudrettleiar vil bli prosjektleiar, Claire Ghetti.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Om fagområdet

Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er definert som det tverrfaglege studiet av musikk og helse, og er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon. Griegakademiet har eit 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi. Dette studieprogrammet tilbyr både ei praktisk og vitskapeleg tilnærming, og utforskar relasjonar mellom musikk og helse i kliniske kontekstar og i kvardagsliv. Forskingsmiljøet er organisert i tvillingsenteret, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, GAMUT, i samarbeid med NORCE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Søkjarar med mastergrad innan andre relevante fagområde kan vurderast viss graden er direkte relevant for prosjektets omfang. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

I tillegg vert vektlagt:

  • Praktisk erfaring frå sjukehus og/eller arbeid med spedbarn, og/eller kompetanse i å bruke stemmen som musikkterapeutisk arbeidsreiskap
  • Kompetanse i kvalitativ og/eller kvantitativ forskingsmetodikk og dokumentert erfaring med å skrive vitskaplege artiklar
  • Erfaring med musikalsk notasjon er ønskeleg

Den som blir tilsett må ha god evne til problemløysing og kommunikasjon, inkludert solide ferdigheiter i både munnleg og skriftleg engelsk. Ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk, dansk eller svensk er en fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiaten vert tilsett ved Fakultet for kunst, musikk og design, med plikt og rett til å ta del i undervising, eksamensarbeid og/eller forskingsadministrasjon i 25 % av stillinga i tilsetjingsperioden, dette etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid.

Den som vert tilsett, må søke om opptak på ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil òg bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Griegakademiet - Institutt for musikk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Årsløn på om lag kr 500 000 brutto (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Kort forberedande prosjekttekst som demonstrer kandidatens kjennskap til det spesifikke forskingsfeltet. Teksten skal ha ei lengd på 3 sider (12 000 teikn).Teksten bør omfatte eit eller fleire av følgjande tema og gjere greie for relevant litteratur: stemme som ressurs i foreldres møte med premature barn, familiesentrert omsorg på nyføddavdeling, bruk av videomikroanalyse i musikkterapiforsking. Det forventast at kandidaten siterer relevant litteratur.
  • Eit følgebrev som omtalar motivasjon for stilling og relevant erfaring
  • Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  • CV
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar
  • Eit representativt eksempel på vitskapleg skriftleg arbeid (publisert artikkel eller utdrag frå masteroppgåve)
  • Namn og kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar.

Ein komité vil vurdere søknadane. Hovudkriteria ved vurderinga er søkjaren sitt forskingspotensial, slik det går fram av forberedande prosjekttekst CV, hovudfags-/mastergradsoppgåva, og andre vitskaplege arbeid (dersom tilgjengeleg).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Innan tre månader etter tiltreding vert det forventa at kandidaten har utvikla ei ferdig prosjektskisse med tre delprosjekt, og har søkt om opptak til ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet. Prosjektskissa skal springe ut av hovudprosjektets mål, og stipendiaten vil få rettleiing i arbeidet med å utvikle den.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no eller
  • Prosjektleiar, Professor Claire Ghetti tel. +47 46508095, e-post:claire.ghetti@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS