Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling (4 år) knytt til skiftarbeid, sjukefråvær og arbeidsrelaterte ulykker

Søknadsfrist: 09.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til fagområdet søvn og skiftarbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med 25% pliktarbeid knytt til undervisning og andre oppgåver ved instituttet. Stillinga er knytt til NFR-prosjektet: «Mot en bærekraftig arbeidsstyrke i helsesektoren i det 21. århundre: Helsefremmende arbeidsplaner» (HeWoS). Hensikten med prosjektet er å etablere ein kunnskapsbase om helsefremjande arbeidsplanar for helsearbeidarar. Vidare skal vi bidra til at vi har ein produktiv og berekraftig arbeidsstyrke i helsesektoren i framtida.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

HeWoS

  • Prosjektet vil etablera eit nasjonalt skiftarbeidsregister for helsearbeidarar og undersøke effekten av sesongvariasjon i lys på samanhengen mellom skiftarbeid og sjukefråvær. Data vil også bli samanlikna med tilsvarande data frå Danmark og Finland.
  • Vidare vil prosjektet gjennomføra to randomiserte kontrollerte studiar der hensikta er å undersøka effekten av; 1) å ta bort sein-tidleg vaktar (quick returns) frå arbeidsplanen på sjukefråvær, gjennomtrekk (turnover),søvn, helse og arbeidsrelaterte hendingar/ulykker, 2) ei sjølvhjelpsbok for skiftarbeidarar med skiftarbeidslidingar på søvn, helse og gjennomtrekk.
  • I ein eksperimentell labstudie vil prosjektet undersøka effekt av QRs på prestasjon (kognitiv funksjon) og undersøka om lys kan motverka ein eventuell negativ effekt av QR. Labstudien har og som mål å identifisera individuelle forskjellar og spesifikke genotypar relatert til QR toleranse.
  • For å sikra at etablert kunnskap blir kommunisert til praksisfeltet og politikare vil HeWoS- prosjektet i samarbeid med Helse Bergen arrangere ein skiftarbeidkonferanse.
  • Prosjektet er organisert i fem delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidspakke 3

Stipendiatstillinga er knytt til arbeidspakke 3 «Adaptation to quick returns». I arbeidspakke 3 vil vi gjennomføre ein eksperimentell labstudie for å undersøke faktorar som kan ha betyding for tilpassing til QRs.

Problemstillingane i arbeidspakka er mellom anna:

  • Kva er effekten av QR på subjektiv og objektiv søvn?
  • Korleis blir kognitiv funksjon, humør og søvnighet påverka av QR?
  • Kan ein lys-intervensjon motverke eventuelle negative effektar av QR?
  • Kan spesifikke genotypar (rs25531, rs8192440 and rs12506228), døgnrytmepreferanse og personlighetstrekkene «flexibility» og «langudity» moderere effekten av QR på søvn og kognitiv fungering?

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med andre forskarar i prosjektet vil stipendiaten sine arbeidsoppgåver vere å:

  • bidra i administrering av prosjektet, prosjektmøte og samlingar
  • samle og analysere data.
  • forfatte og publisere vitskaplege artiklar frå prosjektet
  • formidle funn frå prosjektet på nasjonale og internasjonale konferansar
  • samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar
  • undervisning, rettleiing og sensur på studieprogramma ved Institutt for samfunnspsykologi

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP).

Stipendiaten vil vere del av ei større tverrfakultær forskargruppe «Bergen søvn og kronobiologinettverk» (www.BeSCN.no) som består av fleire erfarne forskarar innan forskingsfeltet. Hovudrettleiar vil bli Øystein Vedaa (FHI).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi, helsefremjande arbeid eller andre relevante fagområde.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Gode ferdigheiter i statistiske analysar er ein føresetnad.
  • Erfaring frå forsking på søvn og skiftarbeid vil vere ein fordel.
  • Erfaring frå praktisk arbeid relevant for studien vil vere ein fordel.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Søkjarar kan ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert opp mot krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS