LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatar i samfunnsøkonomi

Søknadsfrist: 17.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, er det ledig to stipendiatstillingar i samfunnsøkonomi. Den eine stillinga er ei open stilling for alle fagfelt (OPEN). Den andre stillinga er tematisk knytt til fagfelt som kombinerer bruk av informasjonsteknologi og økonomi (ITOK). Begge stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, har ein fast vitskapleg stab på rundt 20 tilsette som driv forsking og undervising innan samfunnsøkonomi. Instituttet tilbyr to integrerte 5-årige masterprogram i tillegg til et bachelor- og masterprogram i samfunnsøkonomi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Mastergrad i samfunnsøkonomi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Søkjarar som fullfører mastergrad innan utgangen av juni 2021, kan søkje. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.

Søkjaren

  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking
  • må nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gitt på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og byggje på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det blir søkt om opptak til.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto (for stipendiatstillingar er det vanleg å lyse ut med kun eit lønstrinn). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Prosjektskildring:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal liggje føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Den eine stillinga er tematisk open for alle fagfelt (OPEN). Den andre stillinga (ITOK) krev ei prosjektskildring som kombinerer bruk av informasjonsteknologi og økonomi. Dette kravet kan for eksempel tilfredsstillast med at prosjektskildringa integrerer moderne empiriske teknikkar eller metodar frå informatikk (kausal estimering, big data, python programmering, algoritmar eller maskinlæring etc.)

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Søkjaren må spesifisere om søknaden gjelder ei spesifikk eller begge stillingane (OPEN og/eller ITOK).
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du bli beden om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 17.02.2021.

Søknaden må merkast: 21/222

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje bli vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar: Tommy Staahl Gabrielsen, Tommy.Gabrielsen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – konsulent Jannicke Lervik, Jannicke.Lervik@uib.no.

Den som blir tilsett, vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne.Gravermoen@uib.no.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisinga blir og gitt på engelsk.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS