LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Senter for krisepsykologi

Søknadsfrist: 04.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og finansiert av senteret. Stillinga er innan forskingsområdet «Alvorleg somatisk sjukdom» i forskingsgruppa STA (Sorg, Krisepsykologi og Alvorleg somatisk sjukdom).

Om prosjektet og arbeidsoppgåver:

Stillinga og kandidaten vil bli knytt til forskingsgruppa ved senteret som har ekspertise innan feltet tverrfagleg rehabilitering og intervensjonar for kreftpasientar i ulike fasar av sjukdommen.

Vi søker etter en kandidat med interesse for rehabilitering/pre-habilitering for pasientar med alvorleg kreftsjukdom.

I tillegg til forskingsaktiviteten er det forventa at stipendiaten:

  • vil involvere seg i felles arbeid mellom Senter for krisepsykologi og Det psykologisk fakultet
  • bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om korleis rehabiliteringstilbodet til kreftpasientar med avansert sjukdom kan bli betre
  • delta i ulike aktivitetar og bidra positivt til miljøet ved senteret

Vi inviterer søker til å legge ved ein kort omtale av prosjektet som vedlegg til søknaden.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidpunktet ha mastergrad eller tilsvarande i medisin, psykologi, helsevitskap, fysioterapi, sjukepleie, rehabilitering, helsefremming eller andre helserelaterte masterprogram
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensiale vil også telja ved vurderinga av kandidatane

For stillinga gjeld følgande:

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om ph.d.-utdanningaSom stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 532 200 brutto (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved HK-dir (eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld og for å laste ned stadfesting på dette: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Meir om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS