LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Senter for alders- og sykhjemsmedisin (SEFAS)

Søknadsfrist: 15.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) i samarbeid med Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) i odontologi for ein periode på tre (3) år.

Stillinga er knytt til prosjektet: 

Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital thanotyping (5-D), eit prestisjetungt Consolidator Grant frå Det europeiske forskningsrådet (ERC). Stillinga er finansiert av ERC. Prosjektet har tett samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, UiB.

5-D er eit nyskapande prosjekt som skal undersøke korleis moderne sensorteknologi kan nyttast til å kjenne symptom hos personar med demens i den siste livsfasen. I dag finnast det ingen pålitelege metodar som kan føreseie at ein person med demens nærmar seg døden. Gjennom innsamling av data frå sjukeheimspasientar skal det utviklast metodar som gir ein meir presis forståing av smerte, symptom og åtferdsmessige endringar ved livets slutt. I samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, undersøkast også munnrelaterte symptom, plakk og spytt. Det langsiktige målet er betre smertebehandling og symptomlindring, auke merksemda på den siste fasen av livet, og optimalisere kommunikasjon med pårørande, pleiepersonale og sjukeheimslegen.

Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans.

5-D inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS og 5-D prosjektgruppe vil bestå av 10 personar (stipendiatar, postdoktorar, ingeniørar, brukarrepresentant, seniorrådgjevar og prosjektleiaren). Alle er tilsett ved SEFAS med ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos personar med demens. SEFAS har tett samarbeid med framifrå universitet i Nederland, USA og Japan. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Meir informasjon om 5-D finst her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet beskriver oral helse og behandlingsbehov ved livets slutt blant pasientar med demens.
  • Analyse inkluderer helsestatus i munnen, mikrobielle og inflammatoriske markørar og analyse av biologiske prøver ved Odontologisk avdeling. 
  • Vurdere kariesutvikling gjennom studieperioden.
  • Samle spytt og plakk og analysere den mikrobielle profilen.
  • Bestemme nivå av pro-inflammatoriske og anti-inflammatoriske molekyl i spytt.

Arbeidsoppgåver:

  • Samle klinisk data, utføre statistiske analyser og administrative oppgåver i samsvar med prosjektet.
  • Samle biologiske prøver (spytt og plakk) og utføre lab analyser.
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift.
  • Presentere og formidle resultat til tannhelsetenesta, samarbeidspartar, på konferansar og i populærvitskaplege media.
  • Bidra til utvikling av prosjektet og innovative løysingar.
  • Medverka til implementering i tenestene.
  • Kandidaten vil bidra til gjennomføringa av studien saman med resten av prosjektgruppa som vil bestå av kliniske forskarar, ingeniørar, ph.d. studentar, og statistikar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i odontologiske fag, eller anna relevant bakgrunn.
  • Erfaring med innsamling av oral helse kliniske data, biologiske prøver og analysemetodar.
  • Erfaring med kvantitativ forskingsmetodikk, statistikk og erfaring med statistikkprogram R er ein fordel men ikkje eit krav.
  • Erfaring med innovasjon og/ eller implementering er ein fordel men ikkje eit krav
  • Formidlingserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring med eldreomsorg eller forsking relatert til dette er ein fordel, men er ikkje avgjerande.
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk munnleg og skriftleg er eit krav.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB 

Sjå krav om engelsk-kunnskapar her.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS