Stipendiat 3 år (2 stillingar) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 05.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat 3 år (2 stillingar) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT), er det ledig to stillingar som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillingane er knytt til prosjektet ”Svangerskapskarakteristika og kreft blant mor og hennes barn: Betydningen av mors komplette reproduktive historie (CORECA)” ved Senter for translasjonell forskning i epidemiologi (TRACE), og er finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Reproduksjonsmønsteret til kvinna (talet på barn, tidspunktet for fødslar, intervall mellom fødslane, svangerskapskomplikasjonar, etc.) har noko å seie for seinare kreftrisiko. Forhold under svangerskapet i tillegg til eiga reproduksjonshistorie kan også ha noko å seie for kreftrisikoen til barna, som til dømes barn (under 20 år) og unge vaksne mange år seinare. I dette prosjektet skal vi sjå nærare på betydninga av kvinners totale reproduktive historie for risikoen hennar for og dødelegheit av kreft, totalt og for spesifikke kreftformer, og dessutan kreftrisiko og dødelegheit hos barna hennar. Vi skal undersøkje desse samanhengane i store nasjonale registerdata (m.a. Medisinsk fødselsregister og Kreftregisteret) som har detaljert informasjon om alle svangerskap/fødslar i Noreg og alle krefttilfelle.
Vi skal bruke maskinlæringsteknikkar for å finne eventuelle nye og hittil ukjende mønster og assosiasjonar mellom variablane i dei store registerdataene og laga prediksjonsmodellar. På basis av resultata frå desse analysane vil vi så gå vidare og vurdere eventuelle årsakssamanhengar med metodar frå fagfeltet kausal inferens, som t.d. ulike søskendesign og instrumentvariabelanalysar. Vi skal seinare validere funna våre i tilsvarande danske registerdata.
PhD-kandidatane skal utføre analysar i store koblede registerdata.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande innan feltet epidemiologi, folkehelse, medisin, informatikk, statistikk, eller et relatert fagfelt.
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn (kode 1017) for tida kr 540 500 i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.