LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Institutt for politikk og forvaltning

Søknadsfrist: 26.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat:

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i statsvitskap ved Digital samfunnsvitskapleg kjernefasilitet (DIGSSCORE) ved Institutt for politikk og forvalting. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved DIGSSCORE.

Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillinga blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet.

DIGSSCORE er ein infrastruktur som driftar Norsk medborgerpanel og Medborgerlaben. I Norsk medborgerpanel har det blitt stilt spørsmål til eit tilfeldig utval av befolkninga fleire gongar i året sidan 2013. Infrastrukturen er no under utviding til fleire onlinepanel.

Infrastrukturen bidrar til kunnskapsgrunnlag for å møte fleire av dei store samfunnsutfordringane, som til dømes klima, inkludering og menneskerettar, samfunnstryggleik, og helse. Mange prosjekt nyttar seg av data samla inn gjennom kjernefasiliteten. DIGSSCORE ligg ved Institutt for politikk og forvalting på SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen. For å lese meir om DIGSSCORE, gå her.

Vi søker kandidatar som brenn for å nytte dei unike forskingsdataa som vert generert ved DIGSSCORE, samt høvet til å generere eigne data, til bruk i eige doktorgradsprosjekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad innan feltet statsvitskap eller tilsvarande. Masteroppgåva må vere levert innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Erfaring med og ferdigheiter innan metodar som nyttast til å analysere surveydata (statistikk) vil bli vektlagt.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • God kjennskap til engelsk skriftleg og munnleg
  • God kjennskap til norsk, eller eit skandinavisk språk, er ein fordel.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling ved Institutt og politikk og forvalting og DIGSSCORE. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Det er forventa at den som startar i stillinga bur og arbeider i Bergen-området i prosjektperioden og deltek aktivt i felles aktivitetar på instituttet og ved DIGSSCORE.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Stilling som stipendiat (kode 1017) med årsløn kr. 501 200 brutto i det statlege lønnsregulativet.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (maks 2500 ord) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet.

Prosjektskildringa vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget, men kandidaten som vert tilsett er forventa å revidere prosjektskildringa innan 6 månader. Revidert prosjektskildringa vil vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåve)
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 26.september 2022.

Søknaden må merkast: 22/12507

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, [email protected].

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: [email protected].

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS