LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i utrekningsorientert matematikk – ERC MaPSI prosjekt

Søknadsfrist: 31.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i utrekningsorientert matematikk – ERC MaPSI prosjekt

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i utrekningsorientert matematikk med oppstart i perioden 1. april til 1. november 2022. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant “Mathematical and Numerical Modelling of Process-Structure Interaction in Fractured Geothermal Systems” (MaPSI) og er ei av to ph.d.-stillingar i prosjektet som no er lyst ut. Stillinga vil og vere ein del av det nyleg etablerte Senter for modellering av kopla undergrunnsdynamikk. Senteret vil involvere om lag 40 personar, inkludert fast vitskapeleg tilsette, forskarar, postdoktorar og ph.d.- og masterstudentar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar, resulterer store induserte gradientar i trykk og temperatur under injeksjonsoperasjonar i komplekse kopla prosessar. Det inkluderer koking av geotermiske fluid og deformasjon av den oppsprukne bergarten, kopla dynamikk som så langt er lite forstått. Dette gjev motivasjon så vel som utfordrande testforsøk for ny matematisk og numerisk metodikk som vil bli utvikla i MaPSI-prosjektet. MaPSI har som sitt hovudmål å lage matematiske modellar og simuleringsteknologi som krevjast for å vurdere prosess-strukturinteraksjon i undergrunnen i samanheng med hydraulisk og termisk stimulering i utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar. Dette inkluderer utvikling av numeriske metodar for å modellere reservoar casestudie med fleirfasefly og faseovergangar i termo-poroelastiske media med sprekkar som kan gli, deformerast og propagere. Programvareutvikling i prosjektet byggjer på det opne kjeldekodeverktøyet PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som allereie har god funksjonalitet for å modellere kopla prosess-struktur interaksjon i oppsprukne porøse media.

Oppgåver for ph.d.- kandidaten vil inkludere vidare utvikling av koplingsskjema og løysarar for fleirfase flyt og deformasjon for betre å simulere dei kopla prosessane. Angrepsmåtar inkluderer strategiar for splitting, områdedekomponering og linearisering for å kome fram til lokale problem som er tilpassa standard Newton- og multigridmetodar. Kandidaten vil og bidra til prosjektet sine tverrfaglege målsettingar og ta del i tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk eller utrekningsvitskap («scientific computing»), eller alternativt innanfor utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31. oktober 2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Utdanning på masternivå og sterk kompetanse innan partielle differensiallikningar, numerisk analyse, og relatert programvareutvikling er eit krav.
  • Gode ferdigheitar i programmering er eit krav.
  • Ekspertise i prekondisjoneringsmetodar og lineære og/eller ikkje-lineære løysarar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane sin bakgrunn bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjerei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren fråmasteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullførtmastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnåddmastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt eistadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.10.2022.
  • relevante attestar/referansar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar i namnet ditt

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Inga Berre, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: [email protected], telefon: +47 990 42 244

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS