Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i utdanningsforsking innan biologi
Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i disiplinbasert utdanningsforsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-kandidaten vil jobbe i fagområdet disiplinbasert utdanningsforsking innan MNT-fag (matematikk, naturvitskap og teknologi). Kandidaten vil ha særskilt fokus på forskingsbasert vurdering i høgare utdanning i Noreg og USA, med følgjande hovudtema:
Korleis tek undervisarar i høgare utdanning avgjerder om vurdering i sine emne? Kva faktorar påverkar desse avgjerdene?
Korleis varierer effekten av intervensjonar mot eksamens/test-angst mellom institusjonstypar?
Forskingsbasert vurdering. Det konkrete temaet vert avklart mellom kandidat og rettleiar. Moglege tema er mellom anna effekt av endringar i vurdering i norsk høgare MNT-utdanning, studentar si oppleving av ulike vurderingsstrategiar, vurderingsstrategiar frå eit inkluderings- og likestillingsperspektiv, med meir.
Stipendiaten vert tilsett ved Institutt for biovitskap (BIO) og blir ein del eit veksande miljø for disiplinbasert utdanningsforsking gjennom fleire nettverk for eksellens innan høgare utdanning (m.a. Senter for framifrå utdanning – SFU) i Norge, inkludert SFU bioCEED – Senter for framifrå utdanning i biologi med BIO som vertsinstitutt. Stipendiaten vert rettleia av professor Sehoya Cotner ved BIO, som óg er senterleiar for SFU bioCEED.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi eller liknande naturvitskap (t.d. økologi, fysiologi, miljø- og ressursstudiar), eller eit anna felt relevant for disiplinbasert utdanningsforsking (t.d. pedagogikk, lærarutdanning, didaktikk, samfunnsvitskap, psykologi). Dersom graden din ikkje er innanfor MNT-faga, er det eit krav at utdanninga di inneheld nokre emne innan desse fagområda. Masterstudentar kan søkje dersom dei har levert masteroppgåva innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Noko erfaring frå MNT-fag eller utdanningsforsking innan MNT-fag er eit krav.
Noko erfaring frå undervisningsutvikling og analyse av høgare utdanning, undervising, kvalitativ og/eller kvantitative metodar, spørjeundersøkingar og læringsutbytte er ein føremon.
Å kunne vise til eksisterande forskingsferdigheiter og kunnskapar relevante for prosjektet (disiplinbasert utdanningsforsking, forskingsbasert vurdering) er ein føremon.
Undervisingserfaring, på alle nivå, er ein føremon.
Kjennskap til R (eller liknande statistiske verktøy) er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d-stipendiat: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Stipendiaten vil få høve til utanlandsopphald, og bli ein del av ei aktiv gruppe forskarar med fokus på forskingsbasert MNT-utdanning. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter du tiltrer i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
CV
namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.